Få søreuropearar på norske jorde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er framleis austeuropearane som dominerer.

– Vi har merka ein svak oppgang i arbeidsmigrantar frå Sør-Europa. Men størstedelen kjem frå land som Polen og Litauen, seier Marianne Pedersen i Nav til Nationen.

Skatteetaten har skrive ut dryge 263.000 skattekort til EØS-borgarar i år. Der svenskar og polakkar kvar for seg utgjer omtrent 67.000 av dei, utgjer grekarane berre 760 stykke.

I fjor skreiv dei ut 595 skattekort til grekarar før juni, så det har skjedd ein liten auke. Det har også kome nokre hundre fleire spanjolar i år enn i fjor.

– Det har tradisjonelt kome få frå Sør-Europa, så prosentvis er auken stor. Det er likevel berre snakk om nokre tusen menneske, seier Pedersen.

I 1990 jobba rundt 3.300 utanlandske sesongarbeidarar på norske gardar. Fram til 2007 var det ein auke i arbeidsinnvandringa til landbruket, men sidan den gong har den gått ned. I 2007 var 27.000 utlendingar i jobb på norske gardar. Sidan den gong har talet lege rundt 20.000.

Det er skattekort til statsborgarar frå Polen, Litauen, Sverige, Latvia, Romania og Island som aukar mest, skriv Nationen. (©NPK)