Songtekster av norske artistar bør vere på norsk, ikkje engelsk, meiner forskar.

Espen André Breivik
Espen André Breivik

NTNU-forskaren Annjo Klungervik Greenall har vore kritisk til kvalitetsnivået på engelske songtekstar som norske artistar har levert. -Skriv ein på engelsk har ein nødvendigvis ikkje like god kontroll som ein ville hatt på sitt eige morsmål, då risikerer ein å verte oppfatta mindre kompetent, påpeikte ho under debatten.

Då har ho nok lite imot at fleire og fleire popartistar nyttar det norske språket i sine produksjonar. Eksempel på dette er artistar som Sirkus Eliassen, Gabrielle, Kaizers Orchestra, Vinni, Karpe Diem og no også Madcon.

Det litterære ikkje det viktigaste
Meddebattantane, songar og tekstforfattar Arne Moslåtten, kjend frå Hellbillies og for sin songlyrikk på halling, saman med songar og songskrivar Egil Olsen, som stort sett syng på engelsk, var ikkje heilt einige i at teksta nødvendigvis er det viktigaste i ei popplåt. -Fleire norske artistar har fått kritikk for dårleg engelsk, men har likevell vorte godt kjende i utlandet. Kanskje er klangen viktigare enn det litterære. Mange norske songtekstar vert heller ikkje gode litterære verk om du fjernar musikken, svara Moslåtten.

Egil Olsen frå Ørsta, fekk si musikkinteresse som 17-åring då han budde i USA. – Eg budde der i eit år og fekk eit godt forhold til språket. Eg høyrde mykje på engelsk musikk og fekk inspirasjon til å skrive sjølv, difor vart det naturleg for meg å skrive på engelsk.

Hadde du skrive på norsk om du ikkje budde eit år i USA?
– Eg trur eigentleg eg hadde byrja å skrive på engelsk uansett, eg har alltid likt amerikansk, lest engelske bøker, teikneseriar og høyrd på engelsk musikk.

Meir aksept for norske tekstar
Arne Moslåtten byrja sjølv som ung å skrive på engelsk. -Ein har nok eit ynskje om å likne på nokon, og i Noreg på 60-talet song dei engelsk, dei vi ville likne på. Det å gjere det på norsk på den tida, var heilt utenkjeleg.

Kva tenkjer du om utviklinga i dag?

– Det har skjedd store forandringar, då det er mange fleire som syng på norsk i populærkulturen. Dette er nok fordi fleire artistar har hatt suksess med norske tekstar, og då har fleire hengt seg på denne bølgja i ettertid. Det er i dag mogleg å ha norske artistar som syng på norsk som sine førebilete, sjølv om mange framleis ser mot Amerika.

Er sjølve teksta viktigare om ein skriv på norsk?

– Ja, utan tvil. For då forstår publikum teksta umiddelbart, og artistane er nødt å setje kvalitetskrav til det ein skriv, ein må jo stå inne for det ein står og formidlar, avslutta Moslåtten i intervjuet med Framtida.

Tidlegare kulturredaktør og journalist i Bergens Tidene oppsummerte debatten «Norsk eller engelsk?» med å takke ja til både norsk og engelsk musikk, også på dialekt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

Kommentarar

ANNONSE