Meir makt til veljarane

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi vil gje meir makt til veljarane, seier Paul Joakim Sandøy, nyvald leiar i Unge Høgre.

Han meiner endringar i valordninga med høve til kumulering ved stortingsval, vil kunne gje betre ungdomsrepresentasjon og samstundes sikre andre utsidarar.

14. juni vedtok Stortinget å be regjeringa utgreie endringar i valordninga fram mot valet i 2017, slik at veljarane kan påverka rekkefølga av partia sine kandidatar, samstundes som innflytinga til partia vert sikra. Vedtaket kom etter at eit forslag frå Høgre-representantar med støtte frå Venstre og Krf, om å innføre personkumulering  ved Stortingsvalet i 2013, vart nedstemt. 

Alle utsidarar
– I kommunevalet, der det her høve til å kumulere, ser vi at ungdomskandidatane er veldig flinke til å tenkje kreativt i valkampen og til å føre personleg kampanje. Det meiner eg har vore grunnleggande bra, seier Sandøy.

Han vonar auka høve til kumulering ved stortingsval vil gje fleire unge moglegheit til å kome inn på Stortinget. Samstundes meiner han dette vil vera positivt for andre utsidarar, som folk frå næringslivet og frivillige organisasjonar.

– Det er viktig å få folk som ikkje har sete på fylkestinget i mange år og kjenner nominasjonskomiteen godt, inn i politikken, seier Sandøy.

Han understrekar at større grad av openheit og personval er mogleg òg med dagens ordning. Til dømes med rådgjevande uravstemming blant medlemmane i ein nominasjonsprosess.

Meir personfokus
Sandøy meiner endringar i valordninga vil vera positive for demokratiet og at det kan gje auka valdeltaking.

– Eg trur det er langt å gå før det vert for mykje personfokus i norsk politikk. Sjølv om noko av det eg set mest pris på er at det er saklegheit og lite skittkasting i norsk politikk, trur eg det er positivt med meir og ikkje mindre personfokus, held Sandøy fram. Han meiner skilnadar i haldningar og eigenskapar er viktige, òg mellom personar frå same parti.

LES OGSÅ: Vår felles framtid

Grundig diskusjon
– I dag har veljarane i praksis ikkje moglegheit til å gjere endringar i listene ved stortingsval. Eg opplever meir og meir, både frå politikarar og veljarar, at det er ynskjeleg med ei endring, seier Sandøy.

Han understrekar at det er viktig å gjere grundig arbeid kring eventuelle endringar, men at det i det heile er ein sunn diskusjon.

– Kor mykje kumuleringa skal vektast må vi kome attende til. Men eg er i utgangspunktet positiv til å gje veljarane meir makt ved stortingsval, både gjennom kryssing på lista og høve til å gje slengarar, avsluttar Paul Joakim Sandøy.

Omsynet til balanse
– I dag har ein nærmast teoretisk høve til å påverke kven på lista som faktisk vert valt inn ved stortingsval. Det går an å stryke kandidatar, men skal til dømes andrekandidaten kome inn framfor fyrstekandidaten, må minst halvparten av veljarane stryke den øverste på lista. Etter det eg kjenner til, har dette aldri skjedd, seier Jo Saglie, forskar ved Institutt for samfunnsforsking.

Han fortel at diskusjonen har vore oppe tidligare, til dømes var det foreslege ved endrigane av Valgloven i 2002. Då vart forslaget nedstemt av Stortinget.

– Argumenta mot å gjere endringar har vore omsynet til balanse ved nominasjonen, med spreiing i geografi, alder og kjønn. Samstundes gjer ikkje alltid partia sjølve representative utval, fortel Saglie.

LES OGSÅ: – Grå menn i dress gjev ikkje best politikk

Populære kandidatar på topp
Saglie er usikker på korleis eventuelle endringar vil påverke ungdomsrepresentasjonen, då dei kan gjerast på ulike vis. Han trur nominasjonsprosessane framleis vil vera viktig.

– Når partia nominerer deltek ungdomsorganisasjonane til partia, slik at omsynet til ungdom gjerne vert godt teke vare på. Slik sett stiller dei unge gjerne sterkare enn til dømes dei eldre, forklarar Saglie. 

Vidare peikar han på at det ved fylkestingsvala, der det tidligare ikkje var høve til å kumulere, ikkje har vorte store konsekvensar med endra valordning.

– Det er faktisk toppkandidatane på listene som har fått flest personstemmer og partia set ofte sine mest populære kandidatar på topp. Samstundes er jo folk meir opptekne av stortingsval, så det er ikkje sikkert vi vil sjå det same her, avsluttar Jo Saglie.

Kva meiner du? Bør ein innføre kumulering også ved stortingsval?