Det norske jentekor vart nekta å framføre stykke om krig og fred.

Det norske jentekors stykke "Ro-Uro" vart for sterk kost for FN, melder Nrk.no.

Stykket handlar om krig og fred, og mot slutten roper jentene ut namna på fleire maktmisbrukarar, som Stalin, Hitler og Mugabe. Laurdag skulle jentene framføre stykket i FN-bygget i New York, som del av festivalen "Rythms of the World". Det skjedde ikkje.

Reagerte på namna
Komponist Maja Ratkje fortel til Nrk.no at arrangørane reagerte sterkt under lydprøva, då jentene ropte ut namnet på maktmisbrukarane.

Dei ba om ei liste over alle namna jentene skulle rope ut, men allereie før lista var levert fekk koret beskjed om å finne eit anna nummer å opptre med. FN kunne ikkje stå inne for teksten og det kunne vere støtande, var grunngjevinga.

– Skandale
Ratkje meiner det er ei skandale at ikkje jentekoret fekk framføre stykket.

– Det seier kanskje litt om den situasjonen verda er i, at ikkje stykket kan framførast der. Dette er eit heilt uskuldig verk. Det handlar om krig og fred, men det er alt anna enn skandalaust. Det som er skandalaust her er at det blir sensurert, seier Ratkje til Nrk.no.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

Kommentarar

ANNONSE