Nok no

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om lag halvparten av tyskarane og nederlendarane ynskjer å gå ut av euroen, skal vi tru einskilde meiningsmålingar, medan berre ein fjerdedel av søreuropearane meiner det same. Det er lett å forstå tyskarane og nederlendarane. Det er ingen ende på kva dei må gå med på.

Grekarane har no valt ein ny statsminister. Han heiter Antonis Samaras og kjem frå det konservative partiet Nytt demokrati. Det fyrste de bør vita om Samaras, er at han er ultranasjonalist. Hatet han har mot tyrkarar og makedonarar, kjenner nær ingen grenser.

I mange år heldt Hellas seg med eit eige departement for Makedonia og Thrakia. Makedonia er grannelandet til Hellas, det historiske Thrakia inneheldt mellom anna den europeiske delen av Tyrkia. Departementet arbeidde for at Hellas skulle få attende det dei meinte rettkome høyrde til Hellas, og med å spreia hat mot makedonarar og tyrkarar. Departementet var fylt med folk frå Nytt demokrati.

I 2009 la den dåverande statsministeren George Papandreou ned departementet for å spara pengar. Samaras lova då at det fyrste han skulle gjera når han fekk makta, var å opna departementet att. Han heldt lovnaden sin. Av alle dei tusenvis av ting han må gjera og fiksa, var dette til Angela Merkels store forundring det fyrste han gjorde. Hadde ho gjort heimeleksa si, ville ho ha vorte alt anna enn overraska. Den Harvard-utdana Samaras var nemleg utanriksminister frå 1990 til 1992, og det er velkjent kva han då gjorde.

Pengar under bordet
Etter gresk lov har utanriksministeren rett og lov til å disponera løynde fond i «nasjonens interesse». Korleis desse skal nyttast, avheng av «patriotismen» til ministeren. Eitt av fonda Samaras hadde til rådvelde, øyremerkte han til Makedonia-spørsmålet; han ville få den tidlegare jugoslaviske republikken til å endra namn. Samaras nytta enkelt og greitt 130 millionar dollar på å betala greske og makedonske journalistar under bordet. Peng­ane vart leverte i svarte plastsekker som kvar inneheldt 5000 brukte dollarsetlar. Inga kvittering, inga rekneskapsføring. Journalistane vart betalte for å skriva stygt om Makedonia og for å byggja opp Samaras, som ynskte å taka over Nytt demokrati.

Alt dette veit vi av di den neste utanriksministeren, den tidlegare statsministeren Konstantinos Mitstakis, fortalde det til ein granskingskommisjon. Det var mange som var med på granskinga, mellom andre den noverande greske presidenten Karolos Papoulias. Det enda som det alltid plar enda i Hellas: Ingen vart tiltala, ingen vart straffa, og ingen fekk vita noko som helst om kva regjeringa hadde kome til. Statsministeren berre lét att saka og grunngav det med «høgre nasjonale interesser». Samaras sjølv har aldri gjeve konkrete svar på kva pengane gjekk til, men før han gjekk av som utanriksminister, brende han store mengder papir.

Komiske Italia
Men Hellas er kanskje ikkje så viktig lenger, så lat oss heller sjå på kva dei italienske veljarane held på med for tida. Landet har fått eit nytt parti. Det heiter Fem stjerner-rørsla og vert leitt av den tidlegare bloggaren og komikaren Beppe Grillo. Grillo seier han vil kjempa ned korrupsjon, syta for betre miljø og for at ingen med dom kan sitja i det italienske parlamentet, alt medan han sjølv er dømd for drap, har eit ekstremt høgt pengeforbruk og både har hatt ein bensinslukande Ferrari og ein stor lystbåt.

Grillo har ei løysing på dei økonomiske problema til Italia: at Italia skal slutta å betala på statsgjelda som for tida står på 120 prosent av bruttonasjonalproduktet, eller 1,95 billionar euro, noko som på si side vil øydeleggja store delar av europeisk banknæring og taka sparepengane frå millionar av eldre. Men kvifor skal italienarane bry seg om slikt?

Byen Parma, ein av dei rikaste byane i Europa, hadde nyleg ordførarval. Kandidaten frå Fem stjerner-rørsla fekk 60 prosent av røystene. På dei nasjonale meiningsmålingane er partiet det tredje største i Italia. Den kanskje mest dugande statsministeren i Italias nyare historie, Mario Monti, vert på si side no berre lika av 35 prosent av folket.

Fastlåste Frankrike
Så Frankrike: Der har dei no valt både ein sosialistisk president og eit sosialistisk parlament. Den franske venstresida har med det full kontroll over heile det politiske feltet. Det i seg sjølv treng ikkje vera så gale; sosialisten Gerhard Schröder reformerte den tyske økonomien og fekk veksten i gang att. I Tyskland er grensa for alderspensjon 67 år. Den førre franske presidenten, Nicolas Sarkozy, heva den franske minimumspensjons­alderen frå 60 til 62 år for alle i privat sektor. Det fyrste den nye presidenten, Francois Hollande, gjorde, var å setja henne ned att til 60 år. Hollande vil òg setja opp marginalskatten til 75 prosent, den høgste i Europa, og det i eit land som alt har det høgste generelle skatte­nivået i verda.

Konsekvensane av det er lett å føreseia: Sidan Frankrike er ein del av EU-systemet med fri flyt av kapital, vil 75 prosent garantert føra til at dei som tener godt og har kapital, flytter franske peng­­ar og verksemder til utlandet. Vidare har den franske regjeringa gjort det klårt at dei skal gjera det så godt som umogeleg å seia opp arbeidarar. Men når du veit det er umogeleg å seia opp folk, kvifor skulle du vilja tilsetja dei til å byrja med?

Tyskland betaler
Førre veke sette den nye greske regjeringa seg ned for å tinga om nye vilkår for bergingspakken, som Tyskland betaler ein tredjedel av. Eit av krava frå Samaras var at ingen greske skattebetalarar som ikkje hadde gjort opp for seg, altså ikkje hadde betalt skatten sin, skulle betala meir enn 25 prosent av inntekta si i straffeskatt til styremaktene. I røynda er det eit krav om at skattenivået skal ned på 25 prosent.

750.000 grekarar får løna si via statsbudsjettet. I 2009 gjekk 38 prosent av dei offentlege budsjetta i Tyskland til løner, i Hellas, som framleis har like mange offentleg tilsette som i 2009, er det 70 prosent. Hellas har lova å kutta 150.000 stillingar i offentleg sektor, no seier Samaras at det ikkje kjem på tale, og krev at EU og IMF går med på at ingen skal seiast opp.

Så lenge euroen held fram, kan Sør-Europa skulda på Tyskland, det same landet som gjev dei pengar, det same landet som har gjennomført dei reformene Sør-Europa ikkje vil gjennomføra, det same landet der veljarane har hatt vit nok til å røysta på ukorrupte og skikkelege politikarar. Det byrjar å verta nok no.

Les saka i Dag og Tid!