– Meir Are Kalvø enn pugging

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir Are Kalvø enn pugging

Kvifor vart akkurat du leiar?

Paul Joakim:
– Det må du eigentleg spørje delegatane på lansmøtet om, men eg trur det er fordi eg har klare tankar om korleis Unge Høgre skal vera og fordi eg har klare visjonar for korleis Noreg kan verte  betre. Og så er eg ikkje redd for å stikke meg fram.

Andreas:
Fordi medlemmane har trua på at eg vil gjere ein god jobb.

Kva sakar vil du kjempe sterkast for framover?

Paul Joakim:
– At Noreg skal ha verdas beste skule, og at det skal verte enklare for unge å kome seg inn i arbeidslivet og på bustadmarknaden.

Andreas:
Lærlingplasser til alle som går yrkesfag, faste tilsettingar i arbeidslivet og kamp mot valdtekt.  

Kva vil du gjere med bustadsituasjonen for ungdom?

Paul Joakim:
– Det beste ein kan gjere, er å sørgje for at det vert enklare og billigare å bygge fleire bustader, slik at bustadprisane går ned. Då må vi gjere det lovleg å bygge fleire små bustader, det må verte enklare å bygge i høgda og vi må fjerne reguleringar og byråkrati for å i det heile take kunne bygge – som kravet til universell utforming i alle nybygg.

Andreas:
– Vi må bygge meir, skatteleggje bustadspekulantar hardare, senke kravet til eigenkapital og styrke husbanken slik at dei kan gi billigare lån til førstegongskjøparar og kommunar. Bustad må vere ein rett, ikkje eit spekulasjonsobjekt for rikfolk og middelklassen.

Når bør elevar byrje å få karakterar?

Paul Joakim:
– I 5. klasse. Då er elevane utålmodige og lei av å tolke kva som er best av ”fint” og ”flott”, eller kor stort smileteiknet er på innleveringar og prøver.

Andreas:
– Frå og med universitetet.

Korleis skal Noreg takle miljøutfordringane?

Paul Joakim:
– Det viktigste er å legge om frå eit raudt skattesystem, som straffar arbeid og formue, til eit grønt skattesystem, som straffar forureining. Dette vil også gjera det billigare å kjøpe og produsere miljøvennleg.

Andreas:
–  Noreg kan bli endå betre på fornybar energi. Vi meiner at det bør etablerast eit statleg vindselskap som satsar knallhardt offshore. I tillegg må Noreg satse på industrien. Vi har verdas mest miljøvennlige produksjon av varer som verda treng. Vi bør legge til rette for å auke investeringane i Noreg, samstundes som vi fremjar strenge klimakrav for at bedriftene skal kunne omstille seg vidare.

PRØV QUIZEN: Den store klimaquizen

Kva vil du gjera med nynorsken?

Paul Joakim:
– Eg vil at lærarane som lærer bort nynorsk skal verte bedre. Dette gjeld særleg på Austlandet og andre stader kor nynorsk ikkje er hovudmål. I tillegg vil eg gjere sidemålet valfritt, fordi det viktigaste for meg er at elevar lærer å lese og skrive skikkeleg, ikkje kva målform dei brukar.

Andreas:
– Vi ønskjer å styrke nynorsken ved gjere undervisninga meir relevant og spannende i skulen. Kort sagt treng vi meir Are Kalvø og mindre pugging av bøyingsformer og gloser.

PRØV QUIZEN: Skjønar du bokmål?

Kva skal Noreg leve av i 2030?

Paul Joakim:
– Det veit eg ikkje – politikarane kan ikkje vedta seg fram til slikt. Det viktigaste vi kan gjere, er å legge til rette for at menneske med gode idéar og initiativ vågar å satse på det dei trur på. Det gjer vi gjennom skule, eit opnare arbeidsliv og eit skattesystem som oppfordrar til innsats.

Andreas:
– Verdas mest miljøvenlege og teknologisk avanserte industri. Noreg har miljø med stor kompetanse innan treforedling, aluminium, ferrosilisium-solceller og ein del anna. Dette er industri som må leggast til rette for med stabile kraftprisar, godt utdanna arbeidarar og tilgang på kapital for å omstelle seg i stadig meir miljøvenleg retning. I tillegg har Noreg enorme mineralførekomstar på land. Desse må takast ut på ein forsvarleg og berekraftig måte og profitten må komme folk flest til gode, ikkje internasjonale gruveselskap.

Kven er ditt politiske førebilete?

Paul Joakim:
– Eg har mange. Kåre Willoch og Barack Obama er gode namn.

Andreas:
– Akkurat no tykkjer eg Johanne Schmidt-Nielsen i Danmark gjer ein fantastisk jobb i å stå opp mot ei såkalla venstreregjering, som har bestemt seg for å føre høgrepolitikk.

Har du ei favorittavis?

Paul Joakim:
– Aftenposten. Og VG. På kvar sin måte.

Andreas:
www.frifagbevegelse.no

Kva gjer ein nyvalt ungdomsleiar om sommaren?

Paul Joakim:
– Vi jobbar heile sumaren i gjennom! Ferie er for stortingsrepresentanter.

Andreas:
– Jobbar. Og dreg på fisketur.