– LNK meir enn ein språkorganisasjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei kartlegging LNK nyleg har gjort blant lesarane av LNK-avisa og lnk.no. Av dei 239 personane som har svart på undersøkinga, vil tre av fire lese meir om distriktsutvikling i avisa. Fleirtalet av dei som har svart, er også usikre på om det stemmer at LNK arbeider med andre saker enn språk.

– Eg er nøgd med oppslutnaden omkring kartlegginga, men merkar meg at mange trur at LNK framleis er ein rein språkorganisasjon. Det er me ikkje lenger. Det er viktig å få fram at LNK ikkje er noko kamporganiasjon for språk, men ein interesseorganisasjon for medlemene våre – kommunar som har valt å bruka nynorsk, seier dagleg leiar Vidar Høviskeland.

Av dei som svarte på kartlegginga er det 86 prosent som les LNK-avisa ofte, medan 47 prosent svarer at dei les kvar utgåve av avisa. Fleirtalet av dei som har svart er tilsette i det offentlege eller lokalpolitikarar, og i stor grad menn i alderen 50 – 59 år. Hordaland er det fylket der flest har svart. (©NPK)