Gardsbruk ut av slekta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var oldefar til Torgeir, Ingvald Grimstveit, som kjøpte garden Nylende i Nissedal i si tid. Nye hus på garden blei seinare bygd med felles innsats frå heile syskenflokken til ein annan Ingvald Grimstveit, far til Torgeir.

Eigedomen har 25 mål med fulldyrka mark, og er på godt og vel 2.000 dekar. I samband med dyrehaldet blir det leigd mykje areal for å få nok fôr. Fjøset fekk eit tilbygg i 1980 i samband med mjølkeproduksjon. I dag er det ni ammekyr og nokre stutkalvar på bruket. I tillegg er det pelsdyrgard med 800 avlstisper som gjev mellom 4.000 og 4.500 dyr som går til skinnproduksjon.

Gunnhild og Torgeir gifta seg i 1970.

– Frå då av styrde eg vel stort sett garden, og hadde veldig god samarbeid med far Ingvald, seier Torgeir.

Ikkje bare katt og kanin
Han og kona har to vaksne søner som har vokse opp på odelsgarden.

– Hadde dei ynskt å overta garden, ville me sjølvsagt vore positive til det. Men det har kome fram temmeleg tydeleg at det ikkje var aktuelt for dei, seier ekteparet.

Neste år blir Torgeir 69 år, og er klar på at då er hans tid som bonde over.

– No er tida som aktiv drivar i ferd med å renne ut. Eg vil ikkje lenger vere eigar av garden. Tanken på å selje har mogna seg over lengre tid, seier han.

– Me har funne ut at me skal overlate stafettpinnen til andre. Når det ikkje skjer til nær familie, får det bli som det blir. Garden er avertert for sal, og me har ikkje sett krav om at kjøparen må halda dyr. Men det er veldig bra om garden blir driven vidare og det er dyr der. Me har eit håp om at det skjer, seier Gunnhild og Torgeir.

Dei kunne sjølvsagt vore på garden så lenge helsa tillet det, men det ville betydd at dei bare budde der og ikkje hadde til dømes husdyr.

– Torgeir har tidlegare sagt at her skal det ikkje vere bare katt og kaninar, og han skal ikkje sitje her og sjå på at garden forfell, seier Gunnhild.

Ulagleg hytte
Torgeir hadde ikkje nekta sønene sine å sitte med garden som fritidsbustad, men han tilrådde ikkje ei slik løysing.

– Me har vore veldig opne og sagt klart til sønene at viss dei ikkje har tenkt å bu på garden, er ikkje dette noko lagleg hytte, seier Torgeir.

Han meiner ein viktig grunn til at folk tviheld på gardar no, er eit resultat av velferd. Før var det nødvendig å selje for å skaffe seg noko anna, men slik er det ikkje lenger.

– Me ser alt for mange døme her i bygda der eigarane ikkje vil selje. Dei har sine interesser og løner andre stader, og då blir garden bare fritidsbustad, seier Torgeir.

– Det hadde vore veldig triveleg om det hadde vore fleire folk i husa i grendene, legg Gunnhild til.

Sjølvsagt meiner ekteparet det er positivt med fast busetjing på garden, og det er også veldig ynskjeleg for dei. Båe er glade for at den som overtek får fem års buplikt, slik regelen er i dag.

Byggjer i nærområdet
Denne veka gjekk skotsalva som sprengte ut tomta der ekteparet skal byggje hus, bare 300 meter i luftlinje frå odelsgarden som snart renn ut av slekta.

– Eg kjem nok ikkje til å gå opp til garden som ein sjuande far i huset, seier Torgeir om når han har flytta inn i den nye bustaden.

– Me har knytt til oss lokale handverkarar og late att augo for byggjekostnadene. Me gler oss og håper å flytte inn i mars eller april neste år, seier Torgeir.

I samband med salet av garden får paret hjelp av advokat. Det er like før det er klart for bodrunden, men det er eigarane sjølve som til sjuande og sist bestemmer om dei vil godta summen som blir lagt på bordet.

– Sjølvsagt er saka om sal av garden avklart med sønene våre. Det er ikkje truleg at det kjem odelssøksmål, men skulle det likevel gjere det, er det me og ikkje kjøparen som må svi økonomisk, seier Torgeir om den avklaringa.

Han synest det blir greitt å slutte med dyr og yrket han har hatt i svært mange år, men han er ikkje lei av pelsdyra. Det har ikkje noko med at skinnprisane nok aldri har vore så gode som no.

– Det er eit fascinerande yrke, og no sluttar me når det er svært gode skinnprisar. Er det ikkje slik at ein skal slutte når ein er på topp …, kjem det med eit smil.

Nylende ligg vakkert til i Grimstveitgrenda, men ekteparet vil også få ein fin plass å bu når det nye huset er på plass.

– Å selje ein generasjonsgard er ikkje bare bare, men eg trur ikkje eg vil ha det vondt den dagen eg flytter frå han. Det har ikkje vore ynsket mitt å bu her tida ut, seier Torgeir.

– Eg er alt for realistisk. Det blir spennande å flytte, seier Gunnhild, heilt innstilt på at snart skal ho inn i ein annan bustad.

Les saka i Vest-Telemark Blad