Søtt til frukost hjelpte på vekta

Høgt proteininnhald og litt søtt til frukost gjorde det enklare for folk som slanka seg å halde seg til dietten seinare på dagen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dermed var dei flinkare til ikkje å leggje på seg igjen etter det første vekttapet, skriv Forskning.no om studien der 200 overvektige israelarar var med.

Halvparten av desse åt vanleg frukost, medan den andre halvparten fekk nesten dobbelt så mange kaloriar i frukostmåltidet. Nokre av ekstrakaloriane kom frå ei søtsak, i tillegg inneheldt høgkalori-frukosten meir protein.

Studien viste at begge gruppene gjekk ned i vekt i første halvdel av studien, medan kontrollgruppa la på seg nesten like mykje i andre halvdel av studien. Men dei som fekk litt søtt til frukost heldt fram med å gå ned i vekt, fortel Forskning.no.

Betre kjensle av å vere mett på grunn av mykje protein og det at ein ikkje fekk så lyst på noko søtt eller feitt på grunn av det søte til frukost er årsaka, trur forskarane. (©NPK)