Kartongbøndene

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I juni skifta Tine ut melk med mjølk på Vestlandet. Samstundes tok bilete og historier frå samdriftstbruket til Ole Jakob Nedrebø og resten av laget iStraumsnes Mjølk og Kjøt til å pryde kartongane.

Det hadde ikkje vore aktuelt dersom historiene hadde vore skrivne på bokmål.

I nynorskens land
– Vi er stolte over at teksten er på nynorsk, seier Nedrebø.

At Herman Friele ikkje er så nøgd med at bergensarane får mjølk i staden for melk framkallar ikkje anna enn ein liten lått frå Fjaler-bonden.

– Nynorsk er det naturlege valet for oss, seier han.

LES OGSÅNo kan du endeleg kjøpa mjølk

I vinter vart Straumsnes-bruket kåra til Årets matprodusent i Sogn og Fjordane. Nedrebø trur kvalitetsimaget garden har opparbeidd seg er noko av grunnen til at valet falt på dei.

– Det er kanskje atypisk vestlandsk å snakke høgt om eigen kvalitet, men hos oss har det vår ein del av vår visjon, seier han.

Ifølgje kommunikasjonsjef i Tine Vest, Olav Håland, var bøndene på Straumsnes sjølv ein grunn til at nettopp dei havna på lettmjølka.

– Både garden og folka er positive og verdt å presentere. Bøndene er optimistiske, garden er presentabel, naturen er fin og dyra har det bra, seier Håland.

Ein populær gard
Straumsnes ligg ytst i Dalsfjorden i Sogn og Fjordane. Bygda er heim til kring 120 innbyggjarar og ei storslegen utsikt over fjorden. For seks år sidan slo tre av straumsnesingane saman gardane sine til samdrifta Straumsnes Mjølk og Kjøt. Sidan har dei auka innbyggjartalet på Straumsnes med 140 kyr og oksar.

Forutan Nedrebø, som er kulturskulerektor i tillegg til bonde, er Hilde Åsnes og Kjartan Åsnes med på laget. Berre sistnemnte er bonde på fulltid.

I lokalmiljøet vert samdrifta verdsett. På opningsdagen i 2007 møtte tre hundre personar opp for å ta den nybygde fellesfjøsen i augesyn. Etter at dei nye mjølkekartongane kom i butikken, har garden fått endå meir merksemd.

 – Vi har fått masse respons etter at mjølkekartongen kom ut. Folk les meir på kartongen enn eg trudde, fortel Nedrebø. 

 


Slåttidyll: Garden på Straumsnes ein tidleg sommarmorgon. Foto: Privat.

Mot straumen
Årsverk utførd i norsk jordbruk har blitt halvert dei siste ti åra, ifølgje SSB. Jordbruksarealet som er i drift er likevel ikkje blitt særleg mindre. Oppskrifta har vore færre og meir effektive jordbruksføretak.

I Sogn og Fjordane har talet på jordbruksverksemder gått ned med over femten hundre dei siste ti åra. For å få nok gras i trauet forvaltar Nedrebø og laget hans til saman fjorten gardsbruk.

Straumsnes-bonden trur nedlegginga av småbruka har ringverknadar i distrikta.

– For distrikta er det skremmande når så mange bruk vert lagt ned. Nedleggingane fører jo med seg fråflytting og jord som vert ståande ubrukt. I tillegg går det utover andre næringar i distrikta, seier han.

Trass i nedleggingane produserer norske bønder 75 prosent meir kjøt enn for ti år sidan. Mjølkeproduksjonen har derimot gått ned med kring 15 prosent.

– Å tru at Europa skal redde oss dersom vi ikkje kan forsyne oss sjølve, vert nesten pinleg. Det er ikkje Noreg som er verst stilt i Europa, seier Nedrebø.

Fjaler-bonden er optimistisk for framtida til samdrifta.

– I landbruket er inntektsmarginane låge, men vi hadde gjort grundig førearbeid og visste kva vi gjekk til. Dei siste åra har vi følgt prognosane og inntekta har auka noko, fortel han.

Kvalitet heile vegen
Sjølv om mjølkekartongbruket går rundt, blir ikkje Straumsnes-bøndene rike på gardsdrifta.

– Ein må kanskje vere litt idealist for å vere bonde i dag, innrømmer Nedrebø.

Men framtida treng ikkje vere så risikabel for ferske bønder.

– Med god førebuing kan ein få eit godt grunnlag for å vite om bruket vil fungere. Nye bønder kan rådføre seg hos til dømes Tine og Gilde, som har gode rådgjevingstenester. Vi gjorde det og visste dermed kva vi gjekk til då vi starta samdrifta, seier Nedrebø.

LES OGSÅ: Folk støttar bøndene

Kvalitet er eit sentralt element i gardsdrifta.

– Dersom ein slurvar med jorda eller graset, vert ikkje mjølka som kjem ut i andre enden like god. Ein bør gjere alt arbeidet ryddig og grundig, seier Nedrebø.

Han ser fleire positive sider ved å drive saman med andre bønder.

– Viktigast er det faglege samarbeidet. Vi kan diskutere løysingar og dele utstyr. Dessutan slepp ein å nær aldri ha ei frihelg. I tillegg er det mykje meir motiverande å drive saman. Ein slepp unna einsemja som nok kan vere ei utfordring for bønder som driv åleine, seier Nedrebø.