Trur folk er sugne på nynorsk viserock
Forfattaren Alf Kjetil Walgermo debuterer som låtskrivar og artist med singelen «Vegen ut».


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Folk er truleg sugne på sørgmodig nynorsk viserock no i sommarferien, seier Walgermo om det han reknar med blir ein stille debut.
Walgermo har til no markert seg mest som forfattar. I fjor kom han med ungdomsromanen «Mitt bankande hjarte», som så langt er selt til seks land og var ei av fem bøker i Leselystaksjonen i år. I vår fekk Walgermo Statens kunstnarstipend for to år.
LES OGSÅ: skaping
At han ved sida av skrivinga også har laga musikk, har til no vore lite offentleg kjent.
– No dristar eg meg til å gje ut ein av nynorsklåtane mine. Så får vi sjå om han kan finna eit publikum i ein eller annan avkrok, seier Walgermo, som syng og spelar gitar på låten.
Singelen er trykt i eit eksklusivt opplag på hundre eksemplar, men «Vegen ut» har alt vore spelt på NRK og framført på nynorsk i Kina.
(©NPK)