Fortener din kommune nynorskpris?
For fjerde gong skal prisen "Årets nynorskkommune" delast ut. No ber departementet om gode kandidatar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Føremålet med å oppretta prisen er å stimulera til god nynorskbruk i kommunane. Eg har håp om at nynorskprisen vil gjera kommunane stolte over å ha valt nynorsk som målform, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
LES OGSÅ: Skjønar du bokmål?
Kulturarv
Navarsete peikar mellom anna på at nynorsk er ein viktig del av den nasjonale kulturarven vår, og at målforma har ein sentral plass i den nasjonale litteraturen.
– Nynorsk skaper identitet og nærleik. Ein nynorskkommune profilerer kommunen sin godt på nynorsk, seier kommunal- og regionalministeren.
LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim
Oppmodar søkarar
Tidlegare har Stord, Seljord og Fjell kommunar fått prisen. Det er 114 nynorskkommunar og tre fylkeskommunar med nynorsk som målform i Noreg. No håpar statsråden at mange av dei meiner dei fortener prisen – og søkjer. Også nynorskbrukande fylke kan søkja.
(©NPK)