– Verdsleiarane har ikkje teke ansvar

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ikkje eit utfall som tek rettferd og miljø på alvor.

Leiarane i verda har mislukkast med å ta tydeleg ansvar og finne konkrete løysingar på krisene i verda, seier Siv Maren Sandnæs, ein av delegatane til Spire på konferansen.

Dei ti siste dagane har utsendingane følgt forhandlingane i Rio.

Dei fortel at inkluderinga av sivilsamfunnet var god fram til dei siste par dagane då Brasil tok over leiinga av konferansen.

– Vi opplevde at det var vanskelegare å kome inn på forhandlingar og at mange viktige samtalar etter kvart gjekk føre seg bak lukka dører, seier Mari Gjengedal frå Spire.

– Brasil var tydeleg oppteken av at konferansen skulle resultere i éit sluttdokument, og strekte seg langt for å oppnå konsensus om dokumentet.

Diverre er konsensusen berre éit minste felles multiplum med få eller ingen forpliktingar, held Gjengedal fram.

Ikkje naudsynt av Brasil
Spire har i lengre tid arbeidd for etableringa av ein Ombudsperson for framtidige generasjonar. Innanfor FN-forhandlingane var det lenge snakka om ein Høgkommissær eller høgnivårepresentant, men etter at Brasil tok over leiinga forsvann denne paragrafen frå teksta.

– Dette var eit utruleg lite naudsynt grep frå Brasil si side, og vekte stor harme frå alle ungdomane som var tilstades. Vi mobiliserte stort til aksjonar og såg eit kraftig engasjement for å få høgkommissæren attende i teksta, seier Sandnæs.

Ungdomane klarte nesten å få gjennomslag for ynskja sine, men vart blokkert av G77 (forhandlingsgruppa av utviklingsland) då forhandlingane var i den tolvte timen.

– Det var eit svært skuffande resultat for alle oss som er urolege på vegne av framtidige generasjonar. Men vi gjev ikkje opp. Dette er noko som vil vere ei langsiktig prioritering for unge menneske som er engasjert i FN-forhandlingane.

Les òg: Krev høgkommisær for ufødde

Noreg er tydeleg brubyggjar
Spire er likevel ikkje like misnøgd med alle medlemslanda. Dei trekkjer fram Noreg som ein svært konstruktiv forhandlingspart.

– Noreg har vore ein tydeleg brubyggjar i forhandlingane og spela ei konstruktiv rolle. Dei har spesielt fått til mykje innanfor helse og prosessen med Bærekraftsmåla. Vi frå sivilsamfunnet har hatt ein god dialog med delegasjonen og hatt ei oppleving av dei som veldig inkluderande, seier Gjengedal.

– Noreg skal ha ros for å ha jobba hardt, hatt intensjonar om noko meir forpliktande, og endra meining andsynes Høgkommisær- no ventar vi at regjeringa følgjer opp og tek ambisiøse grep, sjølv utan konkrete resultat i Rio, seier ho.

I ei pressemelding skriv Spire at makthavarane i verda nok ein gong syner at dei er ute av stand til å treffe slutningar om avgjerande globale utfordringar. Dei fattige og miljøet har ikkje nytte for slutterklæringer utan handling.

Sjølv om alle i forhandlingane har uttrykt kor viktig berekraftig utvikling er, blir engasjementet veikt når det diskuterast konkrete mål og forpliktingar.

Les òg: Representerer norsk ungdom i Rio

Rike land syner seg lite villige til teknologioverføring og pengestøtte for fattige land si utvikling. Fattige land vil ikkje forplikte seg til noko utan pengar. Resultatet er stillstand.

– Rio+20 repeterer i stor grad berre dei prinsippa som det vart semje om på FNs forrige store konferanse om berekraftig utvikling i 1992.

Har vi ikkje kome lengre på 20 år, spør Gjengedal.

Ungdomar ikring i verda er ikkje nøgd med dette, og held fram med å stille krav på vegne av framtidige generasjonar.

– Meldinga vår står framleis skreve i stein. Kanskje rokka ikkje Rio slik vi håpa, men vi gjev ikkje opp. Semje om bærekraftsmål er fint, men vi må endre dei grunnleggjande strukturane som fører til globale kriser. Vi treng handling, og vi treng det no, slår ho fast.

Prøv vår Klimaquiz!