No kan du panta vinflasker att
For 12 år sidan slutta Vinmonopolet med pant på vinflasker. No er dei første vinflaskene med pant tilbake.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei nye panteflaskene er laga av PET-plast i staden for glas og metall og kan pantast på kva panteautomat som helst.
Førebels er det berre ein vintype det er pant på, men Norsk Resirk som driv panteordninga trur vi vil sjå fleire vinar med pantemerke framover.
– Hovudmålet er at all drikkevareemballasje skal kunna pantast. Panting sparer råmateriale, reduserer utslepp og gjer at ein brukar vesentleg mindre energi til å produsera nye flasker, seier marknadsdirektør Randi Haavik Varberg.
Ho seier at flaskene det er pant på er 100 prosent fornybare og mellom anna kan brukast til å produsera nye flasker eller fleece-genserar.
I marknadsplanen for 2012 skriv Vinmonopolet at dei arbeider med å testa ut alternativ til glasflasker og at dei skal lansere fleire typar vinar og brennevin på plastflasker. (©NPK)