Meiner rådmannen styrer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske kommunestyremedlemmer er på mange måtar like sine europeiske kollegaer. Men kommunestyremedlemmane her heime er dei einaste som meiner at rådmannen har meir makt enn ordføraren.

Dette kjem fram i rapporten Norske kommunestyrerepresentantar i europeisk lys der 11 000 lokale folkevalde i 14 europeiske land blir samanlikna.

I samanlikning med dei europeiske lokalpolitikarane meiner dei norske det er mindre viktig med til dømes direkte ordførarval, bruk av folkerøystingar og former for medverknad frå innbyggjarane. Dei nordiske politikarane er derimot meir opptekne av å sikre innbyggjarane eit godt tenestetilbod, skriv kommunal – og regionaldepartementet i ei pressemelding.

– Denne rapporten viser at lokaldemokratiet verkar ulikt frå land til land. Den gir oss også eit grunnlag for å tenkje over om det er trekk ved lokaldemokratiet som kan bli betre. Dette skal me ha med oss i vårt vidare arbeid for å utvikle lokaldemokratiet, seier kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Les saka hjå LNK her!