Den siste mannen i partiet

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste la vel knapt nok merke til det, men for nokre dagar sidan blei to statsrådar skifta ut. To Senterparti-ministrar gjekk av og to nye kom til. Det er ikkje ei stor sak. Eg veit det. Senterpartifolk blir statsrådar rett som det er.

For dei fleste er dette dagligdags. Folk går forbi slottsplassen, registrerer at det igjen står senterpartifolk med blomster der, og går vidare. Statsministeren tek dei nye statsrådane i handa og går raskt tilbake til å gjere det han liker å gjere: Servere jordbær og snakke om økonomi, redde verda på internasjonale konferansar. To nye SP-folk i regjering er berre ein heilt vanlig dag på jobben for statsministeren.

Men for ein mann var dette alt anna enn dagligdags. For ein mann var dette dagen då han mista håpet.

Mannen møter oss på småbruket sitt. Tek oss i handa. Inviterer oss inn. Byr på tynn kaffi i sjarmerande gamle koppar.

Han sukkar.

– Dette var dei to siste, seier mannen. – Det var det. No er eg den einaste Senterparti-politikaren i Norge som aldri har vore verken statsråd eller ordførar.

Han hadde håpet heilt til det siste.

– Denne gongen hadde eg faktisk verkelig trua. Eg hadde rekna meg fram til at det faktisk måtte vere min tur no. Eg visste jo at dei kom til å ringe Marit Arnstad, sjølvsagt. Det gjer dei jo alltid. Men ho seier jo alltid nei. Men så…

Han fullfører ikkje setninga. Han berre ser ut i lufta. Så ser han på telefonen han har i handa. Det er ein heilt ny og veldig dyr telefon.

– Eg har alltid heilt nye og veldig dyre telefonar. Eg har brukt ein formue på telefonar. Eg har aldri tatt sjansen på å ha ein gammal telefon som plutselig kan slutte å virke. Eg har alltid tenkt at det er viktig å vere tilgjengelig og klar. I tilfelle.

Telefonar er ikkje det einaste han har brukt pengar på i ventetida. Dette småbruket kjøpte han for ti år sidan, og han har brukt mykje tid og pengar på å halde det ved like, nettopp med tanke på den dagen han skulle bli statsråd. Han hadde planlagt alt. Det var her på småbruket han skulle ta imot pressa. Han skulle bli filma medan han gjekk omkring i vakre landlige omgivnader og såg audmjuk og takknemlig ut. Han skulle servere tynn kaffi i sjarmerande gammalt servise som han skulle påstå hadde vore i slekta i generasjonar. Han skulle takke for tilliten og seie at han berre ønsker å gjere ein innsats for landet og partiet.

– Og så hadde eg tenkt å seie noko om store sko. Ein bør alltid seie noko om store sko når ein blir statsråd.

Den einaste mannen i Senterpartiet som aldri har vore statsråd eller ordførar ønsker å vere anonym. Det vil seie: Han ønsker det naturligvis ikkje. Men han er det. Dessutan har vi gløymt kva han heiter. Så la oss kalle han Den Einaste Mannen I Senterpartiet Som Aldri Har Vore Statsråd Eller Ordførar.

Ventetida har vore lang. Og han innrømmer at det ikkje alltid har vore lett.

– Det er klart. Det har vore ein del mobbing frå dei andre i partiet. Men eg har aldri vore heilt åleine. Vi har alltid vore fleire. Og eg har jo heile tida tenkt at ein dag er det min tur. Kvifor skulle det ikkje skje meg? Det skjer jo alle andre.

No er han heilt åleine i partiet. Med mindre det skulle dukke opp heilt nye politikarar i Senterpartiet.

– Vi veit alle at det ikkje er særlig sannsynlig, seier mannen.

– Kva skal du gjere no?

– Vet ikkje heilt. Det blir for dumt å bytte parti. Og kanskje er det også for seint. Og småbruket kan eg like gjerne selje. No vil eg bu i blokk.

– Kven skal du selje til?

– Same for meg, så lenge det er byfolk! Eg har fått nok av bygdefolk no. Dei er så sjølvrettferdige og trur dei har så mykje jordnær livsvisdom. Om ein gjeng byfolk vil bruke dette som feriehus der dei dyrkar sin eigen mynte til mojitoen, så gjerne for meg.

Så ringer telefonen. Han svarer med ein gong.

Det er Norsk Gallup. Dei undersøker om oppslutninga til Senterpartiet har auka etter dei siste statsrådsskifta.

Den Einaste Mannen I Senterpartiet Som Aldri Har Vore Statsråd Eller Ordførar ser på oss.

– Det er kanskje best de går no, seier han stille.

Denne teksten stod på trykk i Aftenposten 23. juni.