Vil ha verneplikt for kvinner

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter vidaregåande var Tina Grytting frå Sauda i Ryfylke usikker på kva ho skulle utdanna seg til, lysten til å prøve noko nytt førte henne inn i militæret. Ho byrja på krigsskulen si operative linje i Hæren, men på grunn av skadar måtte ho avbryte utdanninga. Grytting har også tenestegjort i Afghanistan.

– Eg er no sivil kadett, som vil seie at eg studerer idrett sivilt, men krigsskulen betaler utdanninga mi mot at eg kjem attende til forsvaret igjen, og får då nokre pliktår. Så når idrettsutdanninga er over skal eg jobbe i idrettsseksjonen i forsvaret.

Les òg: Vil ha fleire kvinner inn i Forsvaret

Lærer disiplin
Grytting meiner ein bør ha verneplikt for kvinner. Erfaringane ho har gjort seg er gode.

– Forsvaret har gitt meg opplevingar som eg aldri ville ha fått elles, og personleg trur eg at eg er blitt fortare «vaksen». Ein må lære seg å bu med opp til fem andre på eit rom, då må ein lære å tilpasse seg andre menneske, seier ho og meiner disiplin og respekt for autoritære personar er nyttig å ha med seg.

Dei aller fleste kjem jo rett frå mor og far, og det er mange som ikkje ein gong har ordna senga si heime, her må ein reie opp seng, brette klede og vaske klede, som faktisk mange ikkje kan frå før.

Vil ha dei beste
Forsvarsminister Espen Barth Eide har også tru på verneplikt for kvinner. I dag må alle jenter inn på sesjon, men verneplikt for kvinner skal no opp til vurdering.

– Eg har sagt det før, at eg personleg meiner det er på høg tid med verneplikt for kvinner, og at me tar denne debatten på alvor. Det er ingen andre samfunnsinstitusjonar som berre gjeld eitt kjønn.

Ministeren viser til at temaet er sentralt i langtidsplanen for forsvaret, og at mange instansar no skal seie meininga si om verneplikt for kvinner.

– Me har sett i gang eit arbeid med å kartlegge kompetanse og personell i forsvaret, dette spørsmålet er ein del av det. Det er viktig å forstå at alle kvinner ikkje skal inn i forsvaret sjølv om ein får verneplikt for kvinner. Slik er det jo også for menn. Forsvaret vil ha dei som er best eigna, og dette vil føre til at ein har fleire å velje mellom. I tillegg vil forsvaret bli meir likestilt enn det er i dag, seier Barth Eide.

Størst skilnad i Afghanistan
Tina Grytting meiner det er kjekt å vere jente i forsvaret. Og ser at mange av gutane set preg på at det også er jenter i militæret.

– Det kan bli litt mykje testosteron på ein gong, då trur eg mange syns det er godt med litt anna prat enn kva dei har på guteromma.

Største skilnaden på å vere mannleg og kvinneleg soldat såg ho i tida ho tenestegjorte i Afghanistan.

– Kollegane mine i forsvaret synset sjølvsagt det var heilt naturleg å ha meg med, men afghanarane var av ei anna oppfatning. Det hendte eg ikkje fekk lov til å vere med inn i hus som dei mannlege kollegane mine fekk, då måtte eg berre sitje fint i bilen og vente, det er slikt ein berre må finne seg i. Les

Les òg: Bloggar for å få fleire jenter inn i Forsvaret

Fekk reaksjonar
Elise Karoline Haugen (20) frå Strand gjekk inn i forsvaret i første omgang av det ho kallar trass.

– Då eg var mindre var eg fast bestemt på at dette var noko eg ville, utan at eg eigentleg visste kva det innebar. Eg hugsar godt korleis reaksjonen blei, då fekk eg høyre at det ikkje var noko jenter gjorde, helse og sosial – utdanning var derimot det som venta oss. Seinare såg eg berre fordeler med forsvaret; betalt utdanning, trening, godt fellesskap, personleg utvikling, opplevingar og ikkje minst ei brei erfaring.  Ingen sa det skulle vere lett, men at det var verdt det, og det stemmer. Eg ser på førstegongstenesta som eit friår, tenkeår, i og med at eg framleis ikkje har bestemt meg for kva eg vil. Men inntrykket av forsvaret så langt er så bra at å verve seg ser lyst ut, slår ho fast.

Elise Karoline Haugen er i marinen og jobbar no som logistikkassistent på Kv Svalbard. Vegen vidare har ho ikkje heilt planlagt, men det store målet er å kome inn på sjøkrigsskulen, og kanskje blir det befalsskulen etter det igjen.

Prøv vår quiz om Kvinnekamp her

Set livet på pause
– Eg meiner at alle hadde hatt godt av eit år i militæret, ein har ingenting å tape. Forsvaret ordnar alt som har med lån, rekningar og det som er forpliktande. Du set rett og slett livet ditt på pause medan du er inne. Eg har møtt jenter som aldri i livet kunne tenkje seg å ligge ute i eit telt, men som i dag har fullført rekruttskulen og likte det.

– Kanskje bør ein prøve å vise fram kva førstegongstenesta inneber for at fleire jenter skal verve seg?  Eg meiner det burde vere verneplikt for alle, men at jenter får behalde retten til å trekkje seg innan femte veke i rekrutten.

– Korleis er det å vere jente i forsvaret?

Å vere jente i militæret er utfordrande på nokre punkt. Alle jentene som er inne er her frivillig, så me kan på ein måte ikkje klage, og må prestere heile tida. Men utanom det er det ikkje spesielt, du må tåle å bli behandla som ein av gutane, det meiner eg berre er bra.

Les saka i Magasinett!