No kan Yousef endeleg få pass

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette har eg venta så lenge på. Dette er veldig gode nyhende, seier Yousef Shamari (18).

I fjor sommar skreiv han ein kronikk på Framtida.no om det å vera statslaus. Kronikken fekk stor merksemd. Dåverande barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken sa i desember i fjor at dei ville koma med endringar i statsborgarforskrifta. Han sa då at han hadde lese kronikken til Yousef, og at den gjorde stort inntrykk.

LES OGSÅ: Yousef jublar for statsborgarskap

Gjeld fleire hundre unge
Lysbakken lova at dei nye reglane ville koma i løpet av våren, og denne veka koma departementet med dei endelege endringane i statsborgarforskrifta. Endringane inneber at ein no får nye måtar å klårleggje identitet på, og gjer at fleire personar som er fødd i Noreg eller som har kome til Noreg i ung alder kan bli norske statsborgarar.

Endringane vil få konsekvensar for mange personar. Bare i 2010 fekk om lag 900 personar i målgruppa avslag på søknadene sine om statsborgarskap fordi dei hadde uklar identitet. Dei nye reglane gjer at desse vil kunne bli norske statsborgarar. 

QUIZ:Kva veit du om innvandring?

Krev rask handsaming
– Eg ynskjer at personar som bur permanent i Noreg skal bli norske statsborgarar og er veldig glad for at fleire born og unge no får dette høvet. Personar som er fødd i Noreg eller som har kome i ung alder, vil ha ei sterk tilknyting til Noreg.

Statsborgarskapet gjev fulle rettar i landet. Difor er det viktig at vi no gjer denne regelverksendringa slik at fleire kan få norsk statsborgarskap, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen (SV).

LES OGSÅ: – Uakseptabelt at born er statslause

For å få norsk statsborgarskap må identiteten til søkjaren vere klårlagt. Dei fleste avslaga på søknader om statsborgarskap, skuldast at søkjaren ikkje har klårlagt identiteten sin. Dette er i all hovudsak søkjarar som har permanent opphaldsløyve i Noreg og det er særleg søkjarar frå Somalia, Afghanistan og Irak som opplever dette. Fram til no har mange born fått avslag på søknad om statsborgarskap, ofte fordi ein eller begge foreldra har uklar identitet. 

Då det vart klart at ein skulle gjere endringar i statsborgarforskrifta, vart sakene som låg til handsaming stilt på vent. Desse vil frå 1. juli 2012 blir teke til handsaming. Personar som har fått avslag kan søkja på nytt.

Det er viktig for departementet at desse sakene blir handsama raskt, heiter det i ei pressemelding frå departementet.