Stord-elevar i Europa-prosjekt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av dei to siste åra har skulane frå seks nasjonar møttest og diskutert på tvers av landegrensene for å utforma ein unik nøkkelring som organisasjonen Mobile Schools skal bruka i arbeidet med å undervisa gatebarn over heile verda.

– Totalt er det seks klassar med om lag 20 elevar i kvar som har jobba med prosjektet, seier Øystein Djuve, lærar i fellesfag ved Stord vidare-gåande skule.
Nøkkelringen er forma som ein raud sirkel med eit dreiehjul som syner ulike logoar tilknytt organisasjonen.

Reiste til Belgia
Lærarane har reist til dei ulike landa med representantar frå elevane i alle dei seks landa. Høgdepunktet kom då alle klassane møttest på Alden Biesen Castle i Belgia.

– Me var saman i ei veke med tettpakka program frå morgon til kveld, seier leiar Peter Evens i «Excited»-prosjektet.

Han starta samarbeidet etter å ha jobba med skulen på Stord og andre skular på tidlegare prosjekt.

– Første gongen me samarbeidde med Stord vidare-gåande var i 1998, seier Evens.

Arbeidet er sponsa med midlar frå EU sitt Comenius-prosjektet som vil fremja samarbeid mellom europeiske utdanningsinstitusjonar.

Laga nøkkelring
Lærarar og elevar har samarbeidd om å utforma produktet. For å laga nøkkelringen måtte fire skular byggja kvar sin produksjonsmodul, medan dei andre programmerte utstyret. Evens synest sjølv det har vore nyttig å ha eit mål om å laga eit konkret produkt når ein skal samarbeida med personar frå andre land.

– Mange av prosjekta i Comenius er ofte papirprosjekt der diskusjonar i samband med møta mellom elevane er det viktigaste. Her har elevane måtta samarbeida, og laga eit så godt produkt som mogleg ettersom elevane ved andre skular er avhengig av at ein gjer ein god jobb.

Les òg: Meir entreprenørskap med nye valgfag

Vann pris
Excited-prosjektet har mellom anna som mål å få fleire unge engasjert i tekniske utdanningar. Etter å ha jobba med nøkkelringen i nærmare to år melde leiaren Peter Evens prosjektet inn i ein utdanningskonkurranse i heimlandet Belgia.

– Me fekk førstepremien i Peter Heller Talent Award, seier Evens.

No håpar han på fleire samarbeid i framtida.

– Me er allereie i gang med å skriva søknad til nye prosjekt saman med skulane som er her.

Les saka i Sunnhordland!