Eldst i vest, yngst i aust

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om lag kvar tiande grunnskulelærar i landet er over seksti år. I dei vestlandske dalar er lærarstanden eldst.

Èin av sju
Før helga kom Statistisk sentralbyrå med rykande ferske tal frå våre 429 kommunar. Ifølgje statistikken er kvar sjuande grunnskulelærar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal over 60 år.

Fire av ti lærarar i dei to fylka er førti år eller yngre. I Oslo er seks av ti lærarar under førti år.

LES OGSÅ: Kvifor aukar forskjellane i skulen?

Store skilnader
Ei utfordring for små kommunar er utdanningsnivået til lærarane. På landsbasis har berre nær åtte prosent av lærarane vidaregåande utdanning eller mindre, men frå kommune til kommune er skilnadane store.

I den vesle Rogaland-kommunen Kvitsøy er til dømes kring førti prosent av lærarane utan meir enn vidaregåande utdanning.

– Det er ikkje godt nok at elevar ikkje får den opplæringa dei har krav på. Alle skal ha lærarar med godkjent lærarutdanning, seier Anne-Berit Kavli, som er avdelingsdirektør for forsking og internasjonalt arbeid hos Utdanningsdirektoratet.

Kavli peiker på at KOSTRA-tala ikkje gir eit heilt riktig bilete. I små kommunar der talet på lærarar er lågt, vil lærarar med låg utdanning gi større utslag i statistikken.

Kavli seier likevel at det er riktig at små kommunar har ein utfordrande jobb med å skaffe nok fagfolk.

– Vi ser at det er utfordrande for små kommunar å drive skular på mange nivå. Mellom anna er det vanskeleg å rekruttere høgt komepetente fagfolk, seier Kavli.

– Vi freistar å sørgje for god rekruttering til læraryrket, slik at det skal bli lettare for mindre kommunar å få kompetente lærarar, legg ho til.

Finnmark er det fylket der flest av lærarane ikkje har meir enn vidaregåande utdanning eller mindre. Over tolv prosent av lærarane hamnar i denne kategorien. Vest-Agder, der det tilsvarande taler er kring fire prosent, kjem best ut.

LES OGSÅ: Tre av ti strauk på matteeksamen

Internasjonalt høgt nivå
Stoda er likevel ikkje så ille, skal vi tru Utdanningsdirektoratet og tala frå den store kommuneoppteljinga. Nær nitti prosent av norske lærarar har godkjent lærarutdanning.

– Internasjonalt kjem Noreg svært godt ut, seier Kavli i Utdanningsdirektoratet.

I Vest Agder fylke har over nitti prosent av lærarane godkjent lærarutdanning, medan i Oslo, som er nedst på lista, har nær åtti prosent av lærarane godkjent lærarutdanning.

LES OGSÅ: Språklege stereotypar

Deler på datamaskin
Også når det kjem til talet på elevar per datamaskin er det skilnad mellom kommunane.

Elevar i grunnskulen i Nordreisa kommune i Nord-Troms er flest om beinet, der det finst åtte elevar for kvar datamaskin. I Rollag kommune i Buskerud er det heller datamaskinene som slæst om elevane, der det er over èi datamaskin per elev.

Faktaboks

Tala gjeld grunnskuleutdanning og er henta frå Statistisk sentralbyrå.