– Born er born, seier fotograf Lill-Ann Chepstow-Lusty. Ved hjelp av barndomsbilete vil ho kle av mytar kring homofil kjærleik.

Tora Hope
Tora Hope

Fredag rullar Skeive dagar i gong. På –kunstplass 5 står kunstnar og designar Vibeke Hermanrud og tusjar vindauget rosa. Ruta er dekka av eit verdskart, som strekk seg over glasruta til galleriet på Grünerløkka i Oslo. I dag opnar utstillinga ”Gay Kids & Global Gay Map”.

Rosa for framgang
Verdskartet på –kunstplass 5 er delt inn i fargar. Somme land er oransje, somme er svarte og somme er fargelause. Noreg er rosa.

– Landa med homofargen rosa har positive lover som sikrar ei form for partnarskap eller tilsvarande. Dei svarte landa har dødstraff for homofile, dei oransje har fengelsstraff opp til livsstid og dei fargelause har udefinerte lover, forklarar Hermanrud, som er ein av iniativtakarane bak –kunstplass 5.

Gjennom utstillinga ”Gay Kids & Global Gay Map” vil –kunstplass 5, Helseutvalet for betre homohelse og fotograf Lill-Ann Chepstow-Lusty setje fokus på homofile sine rettar og oppvekstvilkår.

– Verdskartet skal gje eit innblikk i eit utval lover for og imot homofili, seier Hermanrud.

Barndommens løyndommar
– Vi er ein usynleg minoritet, i alle fall dei fleste av oss. Det gjer oss unike og det gjer at vi treng å bli synleggjort, seier fotograf Lill-Ann Chepstow-Lusty. Ho sit på ein kvit stol med sin like kvite hund, Paglia, svinsande rundt føtene. Framføre henne er veggen kledd med bilete av ei rekkje små gutar og jenter.

Chepstow-Lusty er fotografen bak foto- og bokprosjektet ”Gay Kids”, der ei rekkje lesbiske, homofile og bifile personar syner fram sine barndomsbilete og fortel si historie. Bakgrunnen er at homofil kjærleik framleis er ein av barndommens løyndommar. Gjennom utstillinga håpar arrangørane at fleire skal tore å snakke om homofil kjærleik, slik at det ikkje forblir ein løyndom som seinare vert forvandla til noko skummelt, skamfullt og litt farleg.

Målet med ”Gay Kids” er å syne at born er born. Eller som Chepstow-Lusty seier:

– Kids are kids are kids. Det er mange myter knytt til homofili, som ikkje stemmer. Som at det å vakse opp i distrikta er verre enn å vakse opp i by, eller at å vakse opp med svært kristne foreldre er verre enn andre foreldre, seier ho.

Aldri sitte stille
I laupet av den komande veka skal filmar, utstillingar, debattar, festar og ikkje minst Paraden gå av stabelen. Sjølv om Noreg kjem godt ut på verdsbasis, er arrangørane på -kunstplass 5 overtydd om at Skeive dagar framleis spelar ei viktig rolle.

– Vi kan aldri sitje stille og vere nøgde, seier Chepstow-Lusty.

– Skeive dagar er ei feiring, men den er òg viktig. LHBT-personar er framleis overrepresentert til dømes når det kjem til mobbing og folk roper framleis ”homo” i skulekorridorane, legg Hermanrud til.

I tillegg har vi ei plikt for komande generasjonar og resten av verda, meiner arrangørane bak ”Gay Kids & Global Gay Map”.

– Dess fleire som kjem ut av skapet, dess lettare blir det for andre, seier Chepstow-Lusty. Ho peikar på eit av bileta i montasjen på veggen. Ei mor sit med sine fire born i fanget.

–  Berre èin av dei er heterofile, seier fotografen.

Openheit skapar openheit
Hanne Grasmo er leiar for det statlege LHBT-senteret i Oslo. Ho er einig i at Skeive dagar spelar ei viktig rolle.

– Skeive dagar er faktisk like viktig no som før. Den vanlege oppfatninga i dag er at alle LHBT-personar har fått sine rettar på plass og at det er enkelt å vere skeiv i Noreg. Men vi har framleis ein veg å gå. I daglegtale, offentlege tiltak og tenester vert det tatt for gitt at alle er heterofile. Difor er det viktig å vere synleg, seier Grasmo.

­– Det er utfordrande å vere ein minoritet som ikkje er synleg og ikkje vert teken omsyn til. Bur ein i distrikta kan ein kanskje vere den einaste homofile i mils omkrins. For nokon går det fint, men det vil alltid vere viktig å ha eit miljø med likesinna og folk ein kan kjenne seg att i kring seg, seier ho.

Grasmo har ein bodskap til ungdom som enno ikkje er komne ut av skapet.

– Å vere open er kanskje ikkje så vanskeleg som du trur, seier ho.

– For somme er det umogleg å vere opne, men for mange kan det vere verre å leve med kviskringa om at ein kanskje er lesbisk, enn å komme ut av skapet, tole at ein er annleis og leve med det, seier Grasmo, og understrekar at du bør sørge for å ha nokon som støttar deg når du kjem ut.

På –kunstplass 5, der siste strøk blir lagt på verdskartet, er kunstnarane einige.

– Gode rollemodellar og støttespelarar er svært viktige, seier Hermanrud.

– Å komme ut av skapet er ikkje noko du berre gjer èin gong. Du kjem ut igjen og igjen og igjen, legg Chepstow-Lusty til med ein liten lått.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

Kommentarar

ANNONSE