Havregraut godt for hjartet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ny EU-forskrift om havre og helsefordelar blei godkjent fredag 15. juni, og skal no innarbeidast i norsk rett av Mattilsynet. Det betyr at havreprodusentar får lov til å marknadsføre havre som eit sunt produkt.

Havre inneheld vassløyselege fiber, såkalla betaglukanar, og desse kan redusere kolesterol i blodet. Høgt innhald av kolesterol er med på å auke risikoen for hjarte- og karsjukdommar.

Dokumentasjon viser at ein porsjon havregraut kvar dag reduserer kolestrolinnhaldet i blodet. (©NPK)