Populær støtte til musikkprosjekt

Små og store musikkprosjekt over heile landet får endå betre øvingsutstyr og anlegg.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

13,9 millionar vart fordelt ved årets første tildeling frå Musikkutstyrsordningen til artistar og arrangørar innanfor pop, rock, jazz og folkemusikk.

–  Det er ei stor glede å kunne bidra til store musikkopplevingar kvar dag, både for publikum, profesjonelle musikarar og dei glade amatørane, seier dagleg leiar i Musikkutstyrsordningen, Rhiannon Edwards.

Alle fylka i landet har motteke støtte – frå Longyearbyen Bluesklubb som har fått støtte til lydutstyr til Gjerstad i Aust-Agder kor både storband og rockeverkstedet får over 500.000 kr til øvingsanlegg.

Musikkutstyrsordningen er den nasjonale støtteordninga for teknisk utstyr, akustikk og lokale. I 2011 rapporterte tilskuddsmottakarane at dei tilsaman arrangerte 4200 kulturarrangement og gjennomførde 4000 øvingstimar. I årets første søknadsrunde fekk MUO inn 173 søknadar på totalt 44 millionar. Det er ei auke på 10 prosent i søknadssum frå tilsvarande runde i 2011. Til saman 90 mottakere over heile landet fekk støtte.

Les meir her