Talet på tenåringsabortar i forhold til folketalet har ikkje vore lågare sidan 1979. Framleis er det 20-24-åringene som oftast tar abort.

NPK
NPK

Frå 2010 til 2011 har delen av tenåringsabortar gått ned frå 14 til 12,7 per 1.000, noko som er det lågaste sidan registreringa starta i 1979, skriv avisa Dagen.

I fjor blei det gjennomført 15.343 svangerskapsbrot i Noreg, noko som er ein svak nedgang samanlikna med 2010, melder Folkehelseinstituttet. Skilnaden er på 392 avbrot, syner ein rapport for tal på svangerskapsavbrot i 2011.

I Oppland hadde ein færrast abortar blant tenåringane i 2011 med 9,3 per 1.000. Finnmark hadde den høgste delen med 26,2 per 1.000. Etter Finnmark kom Troms med 16,8 og Nordland med 16,5.

I fjor var det oftast 20-24-åringene som tok abort, slik det har vore dei siste 20 åra. Gjennomsnittet er 27,6 abortar per 1.000 kvinner i denne aldersgruppa.

LES OGSÅ: Ni av ti vel vekk born med Downs

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

ANNONSE