Human-Etisk Forbund melder om stor pågang av giftelystne. Mindre enn to av fem valde kyrkjebryllaup i fjor.

NPK
NPK

– Human-Etisk Forbund har registrert 668 vigslar på landsbasis hittil i år, og det er like mange som i heile 2011, seier Yngvild Kvaale, seremonisjef hjå Human-Etisk Forbund til NRK.no.

Organisasjonssekretær Silje Guleng i Human-Etisk Forbund i Hordaland trur noko av grunnen kan vere at mange vil ha seremonien på litt utradisjonelle plassar, og at vigslarane deira kjem dit brudeparet er.

– På kaiar, på fjelltoppar og den type ting seier me gjerne ja til, seier Guleng. Det blir også stadig fleire borgarlege vigsler, medan talet på par som gifter seg i kyrkja går nedover. Under 37 prosent gifta seg i kyrkja i fjor.

LES OGSÅ: Flest vel humanistisk i aust

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

Kommentarar

ANNONSE