– Tyrkia må inn i EU

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vitjinga er ein del av det danske EU-formannskapet freistnad på å relansere forhandlingar om EU-medlemskap med Tyrkia.

– Danmarks posisjon og stillinga til sosialdemokratane har vore konsekvent over mange år og det er at vi støttar ein tyrkisk EU-medlemskapar. Men vi må òg erkjenne at det har vore nokre store hindringer for utvikling, seier Helle Thorning-Schmidt til Kristeligt Dagblad

I røyndomen er prosessen stilleståande.

Den tyrkiske regjeringa, som leiar eit land som har aukande økonomisk velstand og aukande tyding i internasjonal politikk, er usikre på om det lengre er interessert i å bli involvert i eit kriseramma Europa. Og i Kypros trugar med å blokkere Tyrkias medlemskapar viss det nokon gong skulle bli eit høve.

Samstundes uttalte Erdogan at han ikkje ynskjer å forhandle med det kypriotiske formannskapet som tek over frå Danmark i juli. Tyrkia anerkjenner ikkje Kypros og har nekta å gjere dette til øya på ny er samla til eitt land, og ser på «Nord-Kypros» som eit eige land, noko ingen andre land i verda gjer.

Forutan presse til å opne nye kapittel i forhandlingane om tyrkisk medlemskap i EU vil Helle Thorning-Schmidt òg bruke tid på "positiv dialog" med Tyrkia, for å utvikle tilhøvet på andre område som handel, energi og terrorisme. Bottom of Form

Utvidingskommisær Stefan Fuele var i landet i mai for å freiste å starta opp att diskusjonen om medlemskap i landet.

Nicholas Sarkozy, den tidlegare presidenten i Frankrike, var særs kritisk til tyrkisk medlemskap, men den nye presidenten Francois Hollande har ikkje vore like negativ.

Ahmet Davutoglu, utanriksministeren i Tyrkia, sa til BBC at «vi håpar at Francois Hollande  si maktovertaking vil leie til at ein ny kurs i relasjonane mellom Tyrkia og EU vil få framdrift.»

Les òg:Fleirtalet vil byte ut EØS-avtalen