Miljø­utgreiing i turbofart

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter ein lang strid vart diskusjonen om å opne for oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja lagd på is av regjeringa i mars i fjor. Men kampen er ikkje over, han er berre sett på pause ut stortingsperioden. Og Olje- og energidepartementet har slett ikkje mista interessa for ei framtidig oljeutvinning i desse viktige fiskeri­områda.
For tida driv departementet ein såkalla kunnskapsinnhentingsprosess om verknader av oljeverksemd i det dei kallar «det nordaustlege Norskehavet», som inkluderer sjøen utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Departementet har invitert til anbodskonkurransar om ei rekkje studiar av ulike sider ved oljeverksemd i desse områda, mellom anna av kva konsekvensar oljeutslepp kan få for fiskebestandar og lokalsamfunn.

Sommarforsking
Det påfallande er hastverket som departementet har med denne kunnskapsinnhentinga. Forskingsmiljøa som får oppdraga, skal lage rapportar om svært store, kompliserte problemstillingar på berre to og ein halv månad – inkludert fellesferien.
Eit døme på ekspressforskinga er den utlyste oppdraget «Risiko ved akuttutslipp». Departementet vil ha ein rapport om «konsekvenser av akuttutslipp, vurdering av konsekvenspotensial, gjennomføring av miljørisiko­analyse og vurdering av risikoreduserende tiltak», ikkje berre for dei omstridde områda i Nordland og Troms, men òg det søraustlege Barentshavet Jan Mayen.
Dette er openbert ein svært stor jobb om ein skal gjere han skikkeleg. Men fristen for å kome med anbod gjekk ut 15. mai, og den ferdige rapporten skal vere levert allereie 1. august.

Viktige studiar
Departementet har sett liknande fristar for rapportar om ei rekkje andre store tema. Eit anna døme: Fristen for å gje anbod på studien «Konsekvenser av akutte utslipp for lokalsamfunn og lokalt næringsliv» gjekk ut denne veka, og rapporten skal vere ferdig 28. august. Også dette skal altså gjerast på to og ein halv månad.
Desse studiane er potensielt svært viktige, fordi dei blir ein del av grunnlaget for revidering av forvaltningsplanen for dei områda dei gjeld. Dei kan òg bli del av ei framtidig konsekvens­utgreiing om petroleumsverksemd og dermed ein viktig del av argumentasjonen for å opne sårbare natur- og fiskeriområde for oljeutvinning. Hastverket er slik sett vanskeleg å skjøne.

Les òg: Ungt fleirtal mot olje i nord

Fagfolk stussar
Mange fagfolk undrar seg over dei svært knappe fristane. Dag og Tid har snakka med forskarar som er involverte i delar av «kunnskapsinnhentinga» til OED. Dei ønskjer ikkje å bli siterte med namn, oppdragsforskarar bør helst ikkje kome på kant med oppdragsgjevar. Men desse forskarane er svært kritiske til tidsrammene dei er gjevne. Dei er ikkje i tvil om at det vil gå ut over kvaliteten.
Fleire av forskarane Dag og Tid har snakka med, påpeikar at saka blir verre at mykje av arbeidet skal utførast midt på sommaren når mange er på ferie. Det faglege blir skadelidande, og mange av dei beste fagmiljøa er ikkje interesserte i å delta i anbodskonkurransen på slike vilkår, meiner ein av dei involverte forskarane.

Uvisse om fisken
Det finst allereie mykje solid forsking på mange av emna som OED no driv «kunnskapsinnhenting» om, ikkje minst på miljø- og fiskerispørsmål. Men det vil ikkje seie at det er enkelt å summere opp resultata i form av konklusjonar. Til dømes er det framleis stor uvisse om kva følgjer eit oljeutslepp kan få for fiskestammane i Lofoten og Vesterålen, sjølv om dette er ganske mykje forska på.
– Med dei fristane som er gjevne, er det berre mogleg å oppsummere eksisterande kunnskap, ikkje særleg meir. Det er svært avgrensa kva ein får gjort. Eg er litt overraska over at dei gjer det slik, seier Dag Øystein Hjermann.
Han er biolog ved Universitetet i Oslo og har forska mykje på korleis oljeutslepp kan påverke fiskelarver.
– Kan så korte studiar som OED inviterer til, bringe større klårleik i spørsmåla om korleis oljeutslepp påverkar fisken?
– Det er framleis mykje ukjent når det gjeld biologien til fiskelarvene. Om ein skal få gjort noko ordentleg vitskapleg arbeid på dette, bør ein i alle fall ha eit par år på seg for å kunne gå djupare i materien. Det trengst ein del feltarbeid òg, med forskingstokt i egg- og larveperioden til fisken, seier Hjermann.

Les òg: På trynet klimapolitikk

Klipp og lim
– Departementet legg opp til eit hastverksarbeid utan sidestykke, seier Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet.
– Folk får berre to og ein halv månad på seg til å undersøkje mange viktige tema. Det seier seg sjølv at det ikkje er mogleg å få fram ny forsking på så kort tid, attpåtil skal det skje når landet er i sommarferiemodus. Eg fryktar at departementet gjer dette medvite for å unngå å få fram ny kunnskap som kunne tale mot oljeverksemd.
Desse studiane må lagast med klipp-og-lim-metoden, meiner Haltbrekken
– Så spørst det kva dei som har fått oppdraga legg vekt på. Vil dei leggje vekt på studiar som seier at oljeutvinning er problemfritt, eller studiar som seier at det kan få store negative konsekvensar? Dette kan departementet i stor grad styre med kven som får oppdraget, seier Lars Haltbrekken.
Han fryktar at resultatet av denne hasteprosessen kan få mykje å seie.
Dette blir viktig for revideringa av forvaltningsplanen for desse områda. Og vi veit at det kjem til å kome nye diskusjonar om oljeverksemd her.

Les saka i Dag og Tid!