SV skal vinne valet med fleire bein

SV-leiar Audun Lysbakken summerte opp det siste halvåret med å leggje fram planen partiet har om å komme sterkare tilbake.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SV vil la hjartesakene miljø, skule og fordeling få selskap av helse og omsorg, arbeidsliv og næringspolitikk fram mot stortingsvalet neste haust.

– Vår plan for å snu trenden er å skaffe partiet fleire bein å stå på, sa Lysbakken under pressekonferansen til partiet onsdag.

SV la fram ein fempunktsplan for betre omsorgspolitikk.

– Vi ser for oss at kampen om omsorg i framtida kjem til å bli ein av dei store sakene i den kommande valkampen, seier Lysbakken. (©NPK)

Les òg: Melder seg ut av SV