Delt om verneplikt for kvinner
Folket er delt om pliktår for kvinner i Forsvaret.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Delt om verne- plikt for kvinner
Forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap) er for verneplikt for begge kjønn.
– Mitt personlege standpunkt er at i 2012 kan ein ikkje oppretthalda ei ordning som berre gjeld for eitt kjønn, sier Barth Eide til TV 2.
I den ferske innbyggjarundersøkinga til Forsvaret hentar han støtte frå mange.
36 prosent av dei spurte er heilt eller delvis samd i at kvinner bør påleggjast verneplikt på lik linje med menn. 44 prosent er heilt eller delvis usamde i dette.
LES OGSÅ: – Vi vil ikkje vera slavar
Håpar på å få med fleire parti
– Tala viser at det er større positivitet til verneplikt for jenter, seier Sandra Borch, leiar i Senterungdomen.
No vil ho ta kampen for verneplikt for jenter i programkomiteen til Senterpartiet.
– Eg trur eg får med partiet på dette. Eg håpar at òg andre parti no går inn for verneplikt for jenter, seier ho.
Slik ho ser det er det ingen argument mot verneplikt for jenter.
– Forsvaret ønskjer dei beste, og mange av dei beste kvinnene er betre enn mange menn, seier ho. Ho meiner òg det er på tide at fleire kvinner får dei same høve til utdanning og karriere som menn får gjennom verneplikta.
LES OGSÅ: På post i Afghanistan
Færre kvinner vil
43 prosent av menn er samde at kvinner bør påleggjast verneplikt på lik linje med menn. Berre 28 prosent av kvinnene er for dette.
Når det gjeld om verneplikta skal fjernast totalt, er det 31 prosent av mennene som er samde i dette, men berre 15 prosent av kvinnene.
Dei eldste er meir positive til dagens vernepliktsordning enn dei yngre, går det fram av undersøkinga.
LES OGSÅ: Bloggar for å få fleire kvinner inn i Forsvaret
Blir kalla inn til sesjon
Ved årsskiftet avvikla regjeringa siviltenesta etter at søkjartalet hadde gått ned med nær 90 prosent.
I dag blir alle jenter kalla inn sesjon, og har plikt til å møta.
Kva meiner du om verneplikt for jenter? Bør òg jenter påleggjast verneplikt?