Veljarane er positive til e-val

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Ved lokalvalget i 2011 hadde innbyggjarar i ti norske kommunar høve til å røyste via internett. 

– Blant innbyggjarane i forsøkskommunene støttar mange elektronisk val, og dei fleste meiner at det i framtida bør vere mogleg å røyste via internett. Det gjeld òg dei som røysta på tradisjonell måte, seier Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforskning. 

Hemmeleg?
Elektronisk stemmegjeving kan gjerast frå sofakroken og føregår dermed i ukontrollerte omgivnader. Dette reiser spurnader om hemmeleg val. 

Saglie påpeikar at støtta synk noko når prinsippet om hemmeleg val blir lagt inn som eit motargument, men òg då er dei fleste for internettval. Samstundes meiner mange at staten, og ikkje den einskilde veljaren, skal sikre at valet er hemmeleg. 

– Dette er eit paradoks. Når stemmegjeving kan føregå heime i stova, blir noko av ansvaret for å oppretthalde hemmeleg val overført frå staten til den einskilde. Ei norm om at ein skal vere åleine i rommet når ein stemmer via internett ser likevel ikkje ut til å ha fått noko sterkt feste i folkesetnaden, korkje i haldningar eller handling, seier Saglie. 

LES OGSÅ: Aarebrot oppmodar til boikott av e-val

Inga auka valdeltaking 
Nærare tre av fire veljarar i forsøkskommunene som førehandsstemde i 2011 nytta seg av høvet til å røyste via internett. 

– Samanlikna med andre land er dette ein veldig stor del. Likevel, vona om at auka tilgjenge skulle gje høgare valdeltaking slo ikkje til. Endringa i valdeltakinga frå førre val var den same i forsøkskommunene som elles i landet, seier Johannes Bergh. 

– Norske val er lett tilgjengelege òg utan elektronisk stemmegivning. Dessutan er det ikkje stemmemetoden som avgjer om ein røystar eller ikkje. Difor har ikkje forsøket ført til ei radikal endring av valåtferd. 

Høg tillit 
Norske veljarar generelt, og veljarane i forsøkskommunene spesielt, har høg tillit til internettval som stemmegjevingsmetode. Samstundes er det noko lågare generell tillit til valgjennomføringa i forsøkskommunene. 

Bergh meiner dette ikkje tyder at veljarane er skeptiske til e-val, men at det heller skuldast at forsøket i seg sjølv har bidrege til auka merksemd om metodar for stemmeopptelling og valoppgjer i desse kommunane. 

– Det at tillita til valgjennomføringa er lågare i forsøkskommunane skuldast at det her har vore mykje fokus på e-val. Det har vekt ein kritisk sans hos veljarar som elles ikkje er oppteke av dette temaet, seier han. 

Unge tradisjonalistar 
Internettstemming blir ofte trekt fram som ein god måte å auke valdeltakinga til unge. 

– Forventingar om at mange unge skulle røyste via internett slo ikkje til. Unge veljarar har høg tillit til internettval, men er samstundes oppteke av tradisjonar rundt stemmegjeving. For mange unge er det å røyste på papir i vallokalet ein høgtideleg og viktig symbolsk handling. Dei framstår som tradisjonalistar med teknologitillit, seier Guro Ødegård. 

Bør ein opna for at alle skal få lov til å stemma over internett?