Tettare nordisk samarbeid
Dei nordiske statsministrane er samde om å jobbe tettare saman om helse og forsvar. Det handlar det om å utnytte spisskompetansen betre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi trur at eit tettare samarbeid om helse kan gje betre tenester for alle som bur i Norden. Vi er 25 millionar menneske som kan dra nytte av at fem land jobbar i lag om å teste medisinar, nye behandlingsmåtar og å utnytte spisskompetanse hjå kvarandre på ein betre måte, seier statsminister Jens Stoltenberg (Ap) til NTB.
Testing av ny kreftmedisin er eitt område der han ser for seg at vi kan kome lenger som fem land enn som eitt.
– Vi ser også for oss at pasientar skal kunne få behandling i nabolanda. Men det er på heilt spesialiserte behandlingsformer. Vi har element av dette i dag, men vi ønskjer å sjå om vi kan få til endå meir, seier Stoltenberg.
Får støtte
Han fremma det norske initiativet under statsministermøtet på Hurtigruten mellom Stamsund og Tromsø. Helseministrane vil bli bedt om å utarbeide konkrete forslag til vidareutvikling av helsesamarbeidet til det neste nordiske statsministermøtet i oktober.
Initiativet vart teke godt imot av dei nordiske kollegaene.
– Det er inga tvil om at helsesamarbeidet som vi no set i gang er heilt nødvendig. Vi har alle eit høgt nivå på helsetenestene våre. Men det er ingen tvil om at vi kan yte endå betre tenester dersom vi slår oss saman og utnyttar kompetanse hjå kvarandre, seier den danske statsministeren Helle Thorning-Schmidt til NTB.
Les òg: Helle Thorning-Schmidt blir den 53. i rekkja
Ho er ein månad unna avslutninga av formannskapsperioden sin i EU. Den økonomiske krisa var eit gjennomgangstema i samtalane mellom dei fem statsleiarane som søndag og måndag har opplevd storslegen nordnorsk natur saman.
– Vi tenkjer på krisa heile tida. I Europa gjer vi to ting på ein gong. Vi sikrar økonomien i kvart av medlemslanda, men diskuterer også vekstpakker før det neste toppmøtet vårt. Veksten må kome på mange ulike stader. Det er viktig å forstå at ein ikkje berre kan trykkje på ein knapp for å få vekst i Europa, seier Thorning-Schmidt.
Våpenhandel
Statsministrane er også samde om å handle fleire våpen saman i framtida. Dei ønskjer å utdjupe samarbeidet om sikkerheits- og forsvarspolitikk.
– Noreg aukar forsvarsbudsjettet sitt. Andre land kuttar. Vi har veldig mykje å vinne på å gå saman om innkjøp. Du får rett og slett billegare og betre utstyr dersom du handlar i store volum. Vi ønskjer også utvikle våpensystem saman, seier Stoltenberg.
Island har bedt om at dei nordiske naboane formaliserer luftovervakinga over Island.
– Noreg er positive til det saman med fleire av dei andre nordiske landa. Men her trengst det framleis ein del nasjonale avgjerder, så her er det ikkje teke stilling til om dette kan gjerast som eit nordisk prosjekt, seier Stoltenberg til NTB.