Representerer norsk ungdom i Rio

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talar unge si klima-sak i Rio

Cilia Holmes Indahl (23) frå Tromsø er valt ut av LNU (Landsrådet for Noregs Barne- og Ungdomsorganisasjoner) til å representere norsk ungdom på Rio+20, FN-konferanse om berekraftig utvikling i juni.

Som ungdomsdelegat for LNU representerer ho 97 norske barne- og ungdomsorganisasjonar med tilsaman ein halv million born og unge i Noreg som medlemmer. Indahl inngår òg som ein del av den offisielle norske delegasjonen.

Brenn for bærekraft og miljø
Indahl er svært glad for å få vere Noregs ungdomsdelegat, ei oppgåve som gjev henne høve til å jobbe for sine hjartesaker.

– Eg er smigra over å ha fått rolla som ungdomsdelegat. Ungdom vil ta vare på miljøet, fordi det er vi som skal leve med det i framtida. Det er difor naturleg for meg å representere min eigen generasjon. Miljø og berekraftig utvikling er noko eg verkeleg brenn for, seier Indahl.

Indahl kjem frå Norsk Studentorganisasjon (NSO), og går på tredje året av ein bachelor på Handelshøgskolen i Bergen, og har ein solid bakgrunn frå organisasjonslivet og frivilleg arbeid. Ho var leiar for studentforeninga ved Handelshøgskolen i Bergen i 2011, har jobba for UNICEF-prosjektet «schools for Africa» , jobba frivillig i Kina på eit rehabiliteringssenter for døve born og er studentrepresentant i NHH-styret. Tidlegare har ho òg vore tillitsvalt i ANSA og hatt fleire leier- og tillitsverv i ulike utval. Ho har òg vorte kåra til ”Årets Økonomistudent 2012” av Universum.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen vår!

Høge mål
Cilia trur Rio+20-konferansen har stort potensial.

– Eg har alltid hatt lyst til å bidra til bærekraft og eit betre miljø, og på berekraftig utviklingsfeltet er det stort potensial. Eg ynskjer å snakke om ting som faktisk vil ha ein verknad, og som er mogleg å iverksetje. Eg meiner ein alltid må strekkje seg langt og setje seg høye mål. Det må vi gjere òg for ein ny periode etter FNs tusenårsmål, seier Indahl.

I Rio vil Indahl samarbeide tett med dei andre barne- og ungdomsorganisasjonane som sender eigne representantar til Rio, Changemaker, Spire og KFUK-KFUM Global.

Les siste klimanytt her!