Løftar seg inn i arbeidslivet

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Endeleg t-skjortevêr. Utanfor arbeidshuset til rustenesta og Nav i Kvinnherad kommune i Hordaland, på den sjølvlaga benken ved hjørnet, serverer arbeidsleiar Jarle Bruntveit kaffi. 

Såg i taket
– Det er ikkje noko gøy å sitje heime og sjå i taket. Eg ville gjere noko, men eg fekk ikkje jobb, fortel Tom Aksel Håvik (22). I haust byrja han i det såkalla ”vedprosjektet” gjennom Nav i heimkommunen. Her vert unge arbeidslause send av Nav, til no berre menn, for å jobbe fysisk med mellom anna tømmerhogging og anna skogsarbeid. 

No er det eit krav at alle skal få eit tilrettelagt tilbod gjennom Nav. Vedprosjektet byrja som eit prosjekt gjennom Helse – og omsorgsdepartementet lenge før det var lovfesta. Spørsmålet er om det verkar, om ungdommane kjem seg i jobb?

LES OGSÅ: Gulrøter får fleire uføre i arbeid

Ung arbeidsløyse
Tal frå Nav syner at ved utgangen av mai i år var 3,9 prosent av arbeidsstyrken i aldersgruppa 20 til 24 år heilt utan arbeid. Det same gjeld 3,8 prosent av dei i aldersgruppa 25 til 29 år. Fleirtalet av dei ledige, er menn. Ved utgangen av mai var det kring 11.000 arbeidsledige menn i alderen 20 til 29, medan det var vel 8000 ledige kvinner.

Frå januar og fram til juni har det vore ein svak nedgang i arbeidsløysa i denne aldersgruppa, men den prosentvise arbeidsløyse er framleis høgast blant dei som er i 20-åra. Delen heilt arbeidsløyse i heile arbeidsstyrken, var på 2,3 prosent. 

LES OGSÅ: Fangar opp ungdommane

Viktige forventningar
Bruntveit køyrer fram bilen med hengar. Kommunen sin badeplass, Borvika, er målet i føremiddag. Der har ungdommane rydda eit stort område med skog. Framleis er det ein del hardt arbeid igjen. Håvik tek ein og ein stokk og løftar dei bort til bilen. 

– Vi hadde ikkje klart dette utan gode arbeidarar. Eg trur det er viktig for alle å ha nokon som forvente noko av ein. Eg forventar oppmøte og at alle gjer sitt beste, seier Bruntveit. 

Atle Verås (23) har nettopp byrja i prosjektet. Han har merka at det ikkje berre har vorte meir sosialt på dagtid, men òg på fritida. 

– Jobben her har gjort at eg er vorte kjend med folk i nærmiljøet. Før var eg mykje åleine, det er eg ikkje lenger. 

Han har tidlegare tatt ulike kurs gjennom Nav, og hatt ulike jobbar. 

– Men dette er den fyrste jobben kor eg verkeleg trivst. Det er så variert her og sosialt, fortel Nerås. Målet er å verte industrimekanikar, han håpar å byrje som lærling snart. 

LES OGSÅ: Unge må jobba lengre – men veit det ikkje

30 bort frå arbeidsløyse
I fem år har Jarle Bruntveit leia 30 ungdommar frå arbeidsløyse og over i noko anna, gitt dei ei ny tru på framtida. 

– 95 prosent av tilbakemeldingane eg får, er positive. For mange av dei som er her, er tilbodet heilt uvurderleg. 

Bruntveit syner til at 11 av dei som har vore med i prosjektet no er i fast jobb, nokre har fått vidare hjelp innan rusomsorg, nokon er på andre arbeidsretta tiltak og nokon har gjennom prosjektet fått avklart trong for uføresøknad. 

LES OGSÅ: Bjurstrøm vil sponse bedrifter med unge

Skal ned 70 millionar
Han fryktar at tilbodet vil verte lagt ned no når kommunen skal spare pengar. Kvinnherad skal redusere det årlege driftsbudsjettet med 70 millionar kroner innan tre år. 

– Førebels kan vi ikkje seie noko om kva som vil verte kutta, seier rådmann Trond Sætereng i Kvinnherad. 

– Dette er eit prosjekt som gir meir enn det kostar. Det er dyrt for kommunen å ha folk som er inaktive. Eg håpar vi skal få til å prioritere vedprosjektet vidare, seier Gunn Tove Petterteig, kommunalsjef for helse, pleie og omsorg. 

Bruntveit kryssar fingrane.

– Vi er godt fornøgd med å kunne bidra til at så mange kjem seg vidare ut i arbeid. Vi håper politikarane vil sjå på dette som eit viktig arbeid og prioritere prosjektet.

Kva meiner du bør gjerast for å få fleire unge i jobb?