– Danskane bør lære norsk og svensk
Danskane slit med å forstå sine nordiske naboar. No meiner det danske språkrådet at danske born bør lære norsk og svensk i skulen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Danskane bør lære norsk
Ei norsk undersøking viser nemleg at danskane har vanskar med å forstå munnleg norsk og svensk, skriv NRK.
– Eg kunne godt tenkje meg at det vart meir av nordiske språk i skulen, og at det vart introdusert på eit tidlegare klassetrinn, seier direktør i Dansk Sprognævn, Sabine Kirchmeier-Andersen til Fyens Stiftstidende.
– Når ein lærer eit nordisk språk så får ein kompetanse til å lære andre framandspråk også, seier ho.
QUIZ: Er du god på svensk og dansk?
Men det er ikkje berre danskane som slit med oss. Nordmenn og svenskar slit også med å forstå munnleg dansk.
– Nordmenn er flinkare enn danskane og svenskane til å forstå fordi me er vande med språkvariasjon og dialektar, men det er ikkje problemfritt her heller, seier professor i nordisk språk ved Universitetet i Oslo, Jan Terje Faarlund. (©NPK)