Folkekunst som business

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Magnus Wendelbo Risinggård, som opprinneleg er frå Stord, vil gjere folkekunst til business. Saman med tre medstudentar frå Høgskolen i Telemark stilte han i NM for Studentbedrifter i Oslo denne veka.

Framtid i folkekunst

I sjølvsydde jakker og med sjølvlaga lysestakar, dukar, lommebøker og andre handverksprodukt utgjer dei studenbedrifta Med Eiga Hand. For denne gjengen ligg framtida i god gamal folkekunst.

Atten bedrifter konkurrerte mellom anna om tittelen ”Norges beste studenbedrift” under årets NM. Blant desse var kanskje Med Eiga Hand det mest kulturelle innslaget i Næringslivets Hus på Majorstua.

– Ein kan ikkje skape kultur utan å bevare kultur, seier økonomi- og grafisk ansvarleg Magda Hensvold. Medstudentane er einige.

– Folkekunsten fortener ein plass i kvardagen. Tradisjonelle handverksteknikkar gjev uvurderleg kvalitet, seier Birgitte Larsen, som er produktansvarleg i bedrifta.

Les òg: Navarsete lånar øre til gründarar

Så sært som mogleg

Med Eiga Hand har satt seg som mål å lage og selje designprodukt med røter i folkekunstnen, til kundar som er interesserte i kvalitet, handtverk og design.

Samstundes håpar dei å få bukt med noko av bruk- og kast-mentaliteten og gje folkekunsten litt etterlengta merksemd.

– Når vi stiller ut produkta våre vert folk ofte overraska over at vi har laga dei sjølve. Veving held til dømes på å døy ut, seier Larsen, som medgjev at ho valde folkekunstlinja fordi den var hakket særare enn dei fleste andre linjer ho fann.

– Ein treng ikkje sitte i eit stabbur i ljoset frå eit talglys for å lage handtverksprodukt. Dette er teknikkar som kan brukast i dag, legg Magnus Risinggård til.

Risinggård, som er dagleg leiar i bedrifta, har bakgrunn som møbelsnekkar og arbeider med treverk og metall. Dei andre tre arbeider med tekstil.

Bunadsvind

Folkekunststudentane meiner det er rom for folkekunsten i moderne Noreg.

– I dag vil alle ha bunad og stadig fleire byrjar å strikke og hekle. Suksessen til Moods of Norway kan òg tyde på at det er marknad for produkt med røter i tradisjonell norsk folkekunst, seier marknadsansvarleg i bedrifta, Maria Berger.

Sniknynorskifisering

Som einaste bedrift under NM bruker Med Eiga Hand nynorsk i marknadsføringa. Maria Berger, som er frå Valdres, har æra for at arbeidsspråket vart nynorsk.

– Tre fjerdedelar av bedrifta har bokmål som hovudmål, men nynorsk passar best til vår profil. Difor lot vi oss overtale, sjølv om det i byrjinga var litt utfordrande å skrive nynorsk, fortel Magda Hensvold.

Etterkvart har til og med sms-ane innad i gruppa byrja å gå på nynorsk.

– Vi driv med ei slags sniknynorskifisering, ler Risinggård.

Les òg: Vann NM for studentbedrifter