SV og Sp under sperregrensa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SV får 3,9 prosent på NRK-målinga, medan Senterpartiet får fattige 3,5 prosent.

Det er andre gongen på kort tid både SV og Sp kjem under sperregrensa på ei meiningsmåling. Det same skjedde på målinga til Ipsos MMI i slutten av mai.

Høgre held fram med å klatra. I juni fekk partiet ein oppslutnad på 29,5 prosent mot 25,7 prosent i tilsvarande måling i mai. Det er ein framgang på 3,7 prosentpoeng.

Frp går tilbake frå 19 til 18,5 prosent frå mai til juni. Kristeleg Folkeparti får 5 prosent, medan Venstre får 5,7 på målinga. Arbeidarpartiet er likevel det største partiet med 31 prosents oppslutnad.

Høgre og Frp får fleirtal saman på denne målinga med 89 mandat, medan regjeringspartia må nøya seg med 60 plassar på tinget. (©NPK)