Nynorsk-zombiar inntek festival

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk-zombiar inntek festival

Den første utgjevinga til bergensforlaget heiter Über Zombie, og ei av dei spanande historiene, som er teikna av kollektivet Seriereiret i Volda, handlar om Ivar Aaasen som står opp frå dei døde for å utslette bokmålet ein gong for alle – men som endar opp i ein uhøgtideleg, vittig og harselerande ordkrig med ingen ringare enn rapparane i Side Brok. 

Ein desperat Ivar Aasen, som i serien er antihelt med dødelege intensjonar, rappar:

”Eg samla eit språk, og skapte eit land, mens DE har skapt bråk og samla eit band!”

Før ein hardslåande Side Brok-Gudnason reddar dagen og kontrar med:

”Ej e en likandes kar, du e et lite likande lik; du stinka død og drit, og burde leggast på sprit!”

QUIZ: Prøv deg på Ivar Aasen-quizen vår!

Dette er berre ein av elleve ulike teikneseriar i antologien, som trass i Aasen-harselas har ein klar språkidelogi i botnen:

– Superheltar fungerar mykje betre på nynorsk, hevdar redaktør Are Edvardsen og teikneserieforfattar Johann Grimstvedt, to av dei titals røynde formgjevarane frå vestlandet som står bak zombieprosjektet.

– Og om kan ein blande ulike målformer og dialektar i ein og samme teikneseriar eller antologihefte, vert det heilt perfekt, meiner dei.

Du kan lese meir om Überpress og Über Zombie på Heimesidene til Überpress!

Zombiebølgje
Denne helga er det Oslo Comics Expo på Serieteket på Grünerløkka i Oslo, ein gratisfestival som fungerar som ein møteplass og utstillingsvindauge for teikneseriemiljøet i heile Noreg og Skandinavia.

LES OGSÅ: Teiknar kvardagen i det ekstreme

Det er ikkje alltid lett å vinne innpass med teikneseriar på nynorsk i hovudstaden, noko den bergensbaserte Edvardsen har fått erfare. Då er det godt at dei har valt eit felles tema for antologien som har vore populært i det siste:

– Zombiar er eit tema som bygd seg opp som ei bølgje i populærkulturen dei siste ti åra. Men utanom at alle seriane handlar om zombiar, framstår dei elleve historiene som rimeleg ulike, både i språk, form og innhald, legg han til.

– Fokuset vårt er for det meste å harselere og ha det gøy, seier Edvardsen. Men nokre av seriane har òg ei politisk eller kulturkritisk side til seg, slik som serien om Aasen som Zombie, eller når vi harselerar med FrP sin tendens til å alltid hamne i sexskandalar, humrar dei.

Håpar på reaksjonar
Mange av historiene i antologien er òg  ganske så blodraude og brutale, og vekslar frå det skumle og humørlause til det latterleggjerande og parodiske, slik som Jorunn Hanto-Haugse si intelligente serie DieLight, som dreg ironiske vekslar på Twilight-serien.

– Viss denne antologien mottek negative reaksjonar, er det faktisk berre fint. Seriane er meint underhaldande, og er meint for dei som er rundt 18 år og eldre. Vi går litt i mot den mainstreame tendensen med einskildstriper og let teiknarane fortelje historiene sine over mange sider, legg dei til.

Les meir om teikneseriar her!

– Då trivst dei ofte best, meiner redaktøren.

– Når ein slepp laust såpass store talent til å gjere det dei har lyst til, så blir resultatet veldig bra og profesjonelt, meiner han.

Både Über Zombie og kva som ellers røyver seg i teikneseriemiljøet for tida kan du sjølv sjekke ut om du tek turen til Oslo Comics Expo i helga.

Sjå nokre smakebitar frå ÜberZombie på Magasinett.no: DieLight og Skumringstimen

Johann Grimstvedt og Are Edvardsen med Über Zombie.