Norsk Raudt Fe meir fruktbar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskinga viser at NRF og NRF-kryssingar òg har betre helse- og kalvingseigenskapar, skriv Norsk Landbruk på nett.

Fleire uavhengige universitet og forsøksinstitusjonar har samanlikna Norsk Raudt Fe med Holstein. Grunnen har gjerne vore at mange produsentar opplever at Holstein er veldig gode på yting, men at dei over ein periode har opplevd auka problem når det gjeld fruktbarheit, kalvingseigenskapar og helse, skriv Geno.

Det vert vist til at NRF i meir enn 30 år har hatt eit breitt avlsmål, der ein har lagt vekt på helse og fruktbarheit. Holstein har over lang tid har fokusert sterkt på produksjon og jur og lagt lita vekt på lågarvelege eigenskapar som helse og fruktbarheit.

Studiane frå Irland, Nord-Irland, USA og Canada viser tydeleg at NRF og NRF-krysningar har klart betre fruktbarheit enn rein Holstein, og at NRF er overlegen på fruktbarheit uansett korleis den vert målt. Holstein kjem best ut når det gjeld mjølkeyting i dei fleste forsøka, men ikkje i alle, skriv Norsk Landbruk. (©NPK)

Kva veit du om landbruk? Prøv vår quiz.