Hovudoppgåva til forumet vert å følgje språkutviklinga i fylket og setje søkjelys på aktuelle problemstillingar.
Fylkeskommunen skal vere deltakar i forumet på linje med andre deltakarar. Fylkestinget valde Jan Olav Fretland som fylkeskommunen sin representant.
Det er eit mål å forankre forumet breitt og på tvers av sektorar. Dette er viktig for å byggje eit slagkraftig organ som evnar å «ta pulsen». Kommunesektoren, utdanningsinstitusjonar, næringsorganisasjonar, arbeidstakarorganisasjonar og media er døme på aktørar som er viktige målgrupper. (©NPK)
Oppdatert:
onsdag 24. mai 2017 15.36