Etter å ha stått i bakgrunnen og blomstra med fela si, er Marie Klåpbakken klar med debutplata si – Framtida.

Kjartan Helleve, Norsk Tidend
Kjartan Helleve, Norsk Tidend
Faktaboks

Marie Klåpbakken

– Debuterer med plata Framtida.
– Har spelt mykje med Helen Bøksle og gruppa Bergtatt.
Sjå bloggen hennar!

LES FAKTALUKK FAKTA

Det fyrste Marie Klåpbakken seier då eg møter henne, er at det er ein feil på omslaget.

– Det er ein person eg har gløymt. Det har eg har lege om kveldane og hatt veldig dårleg samvit for. Dessutan er det ein song som ikkje er nemnd inne i omslaget. Men det er vel av di han heiter ”Sommarfuglar”. Han har vel floge sin veg, seier Klåpbakken.

Men slik er det å gje ut si fyrste plate. Klåpbakken har vore med på mykje. Ho har vore Helene Bøksle sin faste felespelar i mange år, ho har opptredd med dansegruppa Frikar og har vore med i tv-programma ”Norske talenter” og ”Hver gang vi møtes”. No er det ho sjølv som skal stå fremst.

Trass dei små feila er ho likevel trygg på at songane held mål. Fyrste gongen ho spelte dei inn, var ho ikkje heilt nøgd. Denne gongen har ho med god hjelp frå produsent Odin Staveland fått det slik ho ville. Fått det til å høyrest ut som henne.

LES OGSÅ: Jubilerer i Spektrum

Jordnær
– Slik er det. Ein må prøve og feile. Eg skriv enkle songar som skal gå rett inn. Eg er ei jente som likar det enkle og er vel litt naiv. Eller jordnær, som eg plar seie. Eg ville ikkje ha greidd å spele songane mine inn på ein skikkeleg måte, og eg er utruleg glad for at Odin ville vere med på dette. No har det blitt eit plate med musikk av den typen eg sjølv likar å høyre på, seier Klåpbakken.

– Og kva type musikk er det?

– Det er jordnær, fengande og folkeleg musikk. Songar ein får lyst til å syngje med på.

– Det ein kallar pop?

– Ja, eller helst visepop.

– Men du har stått på scener i mange ulike samanhengar og med veldig ulik musikk?

– Ja, eg er som ei potet, og eg har lyst til å vere med på alt. Det er ei av mine sterke sider, at eg både vil og kan vere med på så mykje forskjellig. Så eg har gjort veldig mykje artig på kort tid, og eg er bortskjemt med å få mange oppdrag. Men når eg no lanserer meg sjølv som artist, så må eg sortere i større grad. Eg kjem til å halde fram med å spele med Helene Bøksle, men vil nok takke nei til fleire oppdrag enn eg har gjort tidlegare.

– Blir du ikkje freista eller inspirert til å ta din eigen musikk i ei litt anna retning når du speler med så mange ulike artistar?

– Nei, eg høyrer heime i denne sjangeren. Det er den typen musikk eg blir glad av, og det er den typen musikk eg høyrer på når eg er ute og spring. Då set eg på ein song med t.d. Sofia Karlsson og Lars Winnerbäck og legg av garde.

LES OGSÅ: Vil du omsetja rockens bestefar?

Dyktig folkemusikar
– Du kan spele fele i A-klassa under Landskappleiken, og meldarar er raske med å trekkje fram folkemusikken når dei skriv om plata di.

– Det har eg ingen problem med. Eg likar å bli kalla felejenta, eg er glad for at folk knyter meg til felespeling. Og sjølv om eg ynskjer å vere ein ny artist, så heng jo dette ved meg. Men det trur eg berre er ein fordel. Det syner at eg har vore med ei stund, og kan gjere at folk er merksame på det eg held på med. Dessutan er ikkje det ikkje noko nytt å blande fele og popmusikk. Til dømes har amerikanske Allison Krauss gjort det godt med å kombinere ein avslappa vokal og eit fantastisk felespel.

LES OGSÅ: Regnbogemannen

– Men folkemusikar er du ikkje?

– Nja, eg kan vel eigentleg ikkje seie så mykje om det. Eg har ein veldig sans for tankane bak folkemusikken og den samkjensla som folkemusikken kan gje. Samstundes har eg liksom trekt meg unna det. Ikkje av di eg har noko i mot det miljøet, men av di eg ikkje har hatt tid og at eg ikkje har prioritert det. Så eg er litt spent for korleis folkemusikkmiljøet vil ta i mot denne plata. Eg veit eg er ein dyktig folkemusikar, men eg har valt å gjere noko anna, der eg kan ta med meg signaturspelet mitt frå folkemusikken og blande det saman med noko anna. Så får me sjå.

– Så du er nervøs?

– Nei, berre storkosar meg. Det er ei god kjensle å ha gjeve ut ei plate, og eg har jo lagt hjarta mitt i det. Det er det som er sjølve innhaldet i plata. Ikkje dvele ved det som har vore. Sjå framover. Mot framtida.

Denne saka stod først på trykk i Norsk Tidend!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36
ANNONSE