Eldsjeler viktigast for vekst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten «Suksessrike distriktskommunar» tek for seg 15 distriktskommunar som har hatt god utvikling i sysselsetting og busetnad dei siste ti åra og prøver å finne fellestrekk som kan forklare suksessen.

Noko av det mest overraskande er at faktorar som lokalisering, inntekter og kommunal planlegging ser ut til å spele liten rolle for næringsutvikling og folketalsutvikling i kommunane. Det er for eksempel få kommunar med store kraftinntekter på suksesslista.

Gode improvisasjonar
Suksesskommunane skil seg heller ikkje ut med å ha spesielt gode planar. Eller som ein ordførar seier det: Planar kan ofte kome i vegen for gode improvisasjonar.

Lokal utviklingskultur og eldsjeler kombinert med fleksible og opne organisasjonar som klarer å gripe mulegheiter som dukkar opp, ser ut til å vere viktigare enn pengar og planar.

Studien er laga i regi av Distriktssenteret, eit offentleg kompetansesenter for distriktsutvikling.

– Medan den offentlege debatten om distriktsutvikling nesten berre handlar om pengar, er det heilt andre ting som gjer at distriktskommunar lykkast. Denne studien bør vere ein tankevekkar for både sentrale og lokale politikarar, seier Halvor Holmli, direktør i Distriktssenteret.

Les og: Noregs mest attraktive stad

Smådriftsfordelar
Studien viser også at fleire av kommunane utnyttar det dei kallar smådriftsfordelar. Det er kort veg mellom idear og avgjerder i små organisasjonar. Alle snakkar med alle. Det gir kunnskapsdeling og tillit på tvers av fag- og sektorgrenser.

Suksesskommunane legg meir vekt på tilpassing og fleksibilitet enn på reglar og kontroll. Dei har ein kultur som gjer dei i stand til å gripe mulegheiter som oppstår, skriv forskarane.

Les òg: Tenkjer grenselaust

Eldsjeler
Lokale eldsjeler er også viktige for å skape positiv utvikling i ein distriktskommune. Men dei får ikkje til stort aleine, dei er avhengige av samarbeidspartnarar og medspelarar i kommunen. Kanskje trengst det ein lokal eldsjelspolitikk, skriv forskarane.

Studien er gjort av Telemarksforskning i samarbeid med Sintef og Menon. Arbeidet er basert på statistiske data, nettverksanalysar og fokusintervju med representantar for 15 suksessrike distriktskommunar.

Kommunane som er omtalt i studien er Meløy, Træna, Vikna, Frøya, Hitra, Sandøy, Austevoll, Bykle, Sirdal, Lyngdal, Evje og Hornnes, Seljord, Flå, Gol og Hemsedal. (©NPK)

Les òg: – Bruk festivalane meir