Vil heller rekruttere frå Hellas

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil fiska etter folk i Hellas

I sist kommunestyre i Fyresdal blei det gjort eit vegval for å få fleire innbyggjarar til den minste kommunen i Telemark. Eit fleirtal med dominans frå heile Ap-gruppa ynskjer å satse på prosjektet «Heim til Fyresdal». Målgruppa er unge og barnefamiliar og pendlarar som har tilknyting til

Fyresdal til dømes i form av eigedom, familie og oppvekst.

Innstillinga i saka var at kommunen løyver 700.000 kroner frå næringsfondet til prosjekt «Heim til Fyresdal». Prosjektperioden er frå august 2012 til juli 2014. Midlane blir fordelt med 150.000 kroner i 2012, 350.000 i 2013 og 200.000 i 2014. Rådmannen får fullmakt til å tilsette prosjektleiar i halv stilling for perioden, og organisere prosjektet og stillinga slik han finn høveleg i organisasjonen.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Bruke meir tid
Bjørn Nome var ikkje samd i å satse på ei spesiell gruppe som dette for å auke folketalet. Han meinte ein må sjå nærare på ei anna løysing enn den satsinga som er tenkt, og det kommunen ville no var ikkje noko nytt.

– Alle er velkomne til Fyresdal. Det er ikkje eit spesielt krav at du skal vere herfrå eller derfrå. Me må ta oss meir tid til å finne på noko som ikkje har vore gjort før. Dette prosjektet har blitt gjort før, både i Fyresdal og Vest-Telemark. Eg røystar mot forslaget, sa Nome.

Rådmannen Ketil O. Kiland svara han med at ein ikkje skal ekskludere nokon som ynskjer å flytte til bygda.

Line Bryn Valebjørg (Bygdelista) sa seg samd med Nome i at ein må bruke meir tid på saka og finne på noko som kan nå fleire enn den målgruppa som er tenkt.

Ordførar Erik Skjervagen (Ap) fann det rett å kommentere motstanden til Nome.

– Hadde Nome kome med eit konkret forslag på eit anna prosjekt som er spenstig og nyvinnande, skulle eg gjerne tatt stilling til det. Men det har ikkje kome forslag, sa han med klar adresse til Sp-representanten.

LES OGSÅ: – Innvandrarar er redninga

Større effekt
Nome var raskt på plass på talarstolen, og sa at ein til dømes kunne satse på å få tak i folk frå Island, eller land som Latvia, Spania og Hellas.

– Eg trur faktisk det hadde vore kjempespennande å ha eit rekrutteringsprosjekt frå Hellas. Det kunne berike bygda kjempebra. Eg trur eit rekrutteringsprosjekt frå Hellas kunne hatt større effekt, sa Nome, i forhold til forslaget som låg på bordet.

– Eg er eining med Nome. Me må avvente og sjå på andre løysingar, sa Gjertrud Kristine Veum (Bygdelista).

Avrøystinga viste at bare ein politikar frå opposisjonen ville vere med Ap på forslaget om å gå for «Heim til Fyresdal». Bjørn Nome og partifelle Gunnar Kvasjord og Bygdeliste-representantane Line Bryn Valebjørg, Gjertrud Kristine Veum og Saamund Gjersund røysta mot.

LES OGSÅ: Framtidshåp frå Hellas i krise

Måtte ha blitt Ap-medlem
Til VTB seier Nome at han blei provosert av ordføraren, og derfor nemnde Hellas i ein fart.

– Ordføraren ville at eg automatisk hadde eit alternativt prosjekt, men det er ikkje gjort over dagen. Men det kunne faktisk vore kjempespennande å importere frå Hellas der det blir tenkt ein del nytt for tida. Ideen min blei sett på som useriøs i kommunestyret, men er ikkje tatt heilt ut av lufta. Eg har ingen sjanse til å få gjennom forslaget om eit rekrutteringsprosjekt i Hellas. Då må eg i tilfelle melde meg inn i Ap, seier Nome.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!