Lat nettet vurdere karakteren din

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prosjektet Personas fra Massachusetts Institute of Technology (MIT) er fascinerande for dei fleste.

Klikk her og skriv inn namnet ditt, og Personas leitar gjennom nettet etter informasjon om deg, og lagar deretter ein personleg profil for deg.

Programmet demonstrerer lett både kor mykje innsikt ein finn på nettet og kor ufullstendig dette er nøydd til å vere.

«Det er meint for at sjåaren skal reflektere over si noverande og framtidige verd, der digitale historier er like viktige om ikkje meir viktige enn muntlege historier samstundes som datamaskina sine metodar for å trekke ut samandrag av våre digitale fotspor er ugjennomsiktige og ignorerer det sosiale.», skriv dei på heimesida si.

Les òg: Sosiale media skapar nytt hierarki