Kan bli heilt frisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er tilbakemeldinga familien har fått frå psykolog Per Steinar Melås som sjølv tek del i den daglege terapeutiske behandlinga av 17 år gamle Christina Flåten.

– Det er ikkje funne noko somatisk som tilseier at ikkje Christina skal kunne bli heilt frisk att, men det vil naturlegvis ta tid. Det er denne tida med den rette behandlinga me no fryktar me ikkje får tilgang på, seier Frank.

Psykisk liding
Dissositative lidingar er definisjonen på tilstanden til Christina. Etter mykje informasjon og føredrag for familien om denne lidinga, har fleire brikker falle på plass i høve til korleis den psykiske lidinga har fått utvikla seg til å bli livstrugande. Den lukkelege bardomstida gjekk over til ei langt meir komplisert ungdomstid for den døve jenta. Mange vonde og tunge opplevingar vart lagra og fortrengt før alt sa stopp.

Frisk
– Det fine med å få ein slik diagnose er at det gir oss eit håp om at jenta vår kan bli så frisk at ho med litt tilrettelegging kan koma attende til ein normal kvardag. Slik me ser det må det vera langt betre bruk av ressursar, enn at ein ungdom skal bli pleietrengande resten av livet.

Christina har opplevd så mykje vondt, at no fortener ho å bli frisk att.

Fem år
Erfaring tilseier at det tek mange år å behandla ein slik diagnose. Ekspertar fortel om gjennomsnittleg behandlingstid på tre til fem år. Då er pasienten funksjonsfrisk elles. Christina sitt tilfelle er ekstremt fordi ho er funksjonshemma, i tillegg til at det har gått veldig lang tid før det vart oppdaga. Det viktig er langsiktige, stabile og gode løysingar. Elles vil jenta få sterke tilbakefall og behandlinga har ikkje effekt.

– Då er det vondt å vita at kommunen ikkje har synt vilje til å inngå langtidskontrakt med Melås. Avtalen som gjeld no har tre månader gjensidig oppseiing. Difor fryktar me at etter seks månader er det attende til det som var før, dersom kommunen vel å seia opp fordi dei skal inn att med eigne tilsette. Melås har heller aldri inngått slike kortsiktige kontraktar, det vanlege er mellom tre og seks år. Dei strekte seg langt på alle måtar for å gje livsnødvendig hjelp.

Skreddarsydd
Familien har aldri klandra pleiarane som hadde ansvaret for Christina, dei gjorde så godt dei kunne ut frå dei rammene og turnusen dei hadde. I dag har Christina eit spesialsydd lite team, skreddarsydd for ho og er ei blanding av unge, vaksne, miljøarbeidarar, sjukepleiarar og sosionom. Det er det totalt ti pleiarar som går i turnus to og to. Dei bur i huset med Christina i to eller tre dagar, og det er alltid ein som overlappar den som kjem på. Melås har det faglege ansvaret for opplegget, i tillegg er det to leiarar som er tilstades rundt Christina i det daglege og kvalitetssikrar opplegget, koordinerer og har full kontroll.

Komplett
– No får Christina eit komplett tilbod, nokon som tek eigarskap til situasjonen og koordinerer alle dei som bidreg til at ho får eit verdig liv. Ho møter nærheit, varme, god omsorg, entusiasme og masse kjærleik. Me set også stor pris på den gode fysioterapibehandlinga ho får via kommunen.

Både ordførar og rådmann har tidlegare uttalt at det ikkje er økonomien som skal vera til hinder for kva tilbod dei gir Christina.

– Det bør det heller ikkje vere, for fakta er at kommunen får refundert 80 prosent av utgiftene frå staten.

Fantastisk
– Det er berre heilt fantastisk. Eg trur knapt det eg ser, smiler pappa Frank som får tårer i augo når Christina insisterer på at ho vil opp på trampolina.

Sogn Avis er på besøk heime med Christina og får sjå den flotte utviklinga som har skjedd etter at Melås tok over behandlinga.

For fire veker sidan låg den døve jenta forknytt i senga med sterke spasmar, krampar og smerter. Den spinkle kroppen vog under 40 kilo. Familien frykta at den 48. sjukehusinnlegging skulle bli den siste for 17-åringen.

– Me var alvorleg redde for at Christina ville døy. Livsviljen var i ferd med å renna ut, seier Frank Flåten.

Media
Som den siste fortvila utvegen gjekk familien til media med den rystande historia. Sterke bilete av den tidlegare livsfriske jenta gjekk landet rundt og skapte eit engasjement langt utover kommunegrensene.

– Det var sterkt å ta det steget å utlevera både Christina og oss i media, men for oss var det eit skrik om hjelp der det viktigaste var å redda livet til jenta vår.

Familien hadde på eige initiativ henta inn eit tilbod frå spesialhelsetenesta til Melås As. Dei stod klare til å be¬handla ho, men kommunen ville ikkje gje frå seg verken omsorga og ansvaret.

– Etter hard kamp kom det heldigvis på plass ein avtale før det var for seint. Den 2. mai kom Christina Flåten heim frå sjukehuset i ambulanse og Melås overtok. Etter den tida har det gått rette vegen.

Omsorgssvikt
Christina er fødd døv, men var ei sprudlande, positiv og aktiv jente gjennom heile oppveksten. Kva som har skjedd med jenta fann ingen det rette svaret på. I jakta på ein diagnose vart Christina ein kasteball i det norske helsevesenet. I påvente av stadig nye utgreiingar og ansvarsfråskriving, vart den unge jenta liggjande hjelpelaus på golvet på ei madrass. Fanga i sin eigen kropp.

Etter eit korttidsopphald på seks veker på Nordåstunet i Bergen såg familien at Christina fekk att livsgneisten og glimtet i auga. Attende i omsorgsbustaden i Sogndal gjekk det berre rett nedover att, i ein enda raskare unnabakke.

Barndomsheimen
– Me har mange historier og mykje dokumentasjon på kor gale det vart, men no vil me heller fokusera på det positive og den flotte framgangen Christina har etter at Melås tok over ansvaret, seier pappa Frank.

Saman med sambuar Mari Navarsete er han på besøk i det raude huset. Som ein viktig del av behandlingsopplegget har Christina flytta ut av omsorgsbustaden på Stedje og attende i barndomsheimen.

– Huset her var utleigd til studentar og med stor velvilje frå dei, og god dugnadshjelp frå damelaget til Kaupanger på nedvask, kunne me flytta Christina attende til barndomsheimen forrige veke, fortel Mari.

Glad
God plass innomhus og stor hage der både trampoline og eit lite basseng er på plass, gjev Christina mange gode opplevingar. Tidlegare hadde ho ikkje lyst og vilje til noko, no er køyreturar, bading og andre uteaktivitetar ein del av kvardagen.

– Sjølvsagt er det gode og dårlege dagar, oppturar og nedturar. Men me tek alle små framsteg som ein siger for Christina og me ser at desse framstega kjem fordi ho no får den rette behandlinga i trygge omgjevnader, seier Frank som dagleg får rapportar og bilete og video frå dei gode opplevingane.

Frå symjeturen på Vesterland, der Christina sumde heilt åleine, frå bilturen til Barsnes der ei smilande jente får oppleve dei nyfødde lamma på nært hald, frå badestampen i hagen eller ei roleg og idyllisk stund under fruktblømande epletre.

– Det er sterkt kjenslemessigt å oppleva dette, seier ein rørt pappa.

Køyre sjølv
Christina har pynta seg til avisa skal kome på besøk og venta utolmodig spent. Heilt klar for å vera fotomodell. Framleis er den unge jenta sterkt prega av det ho har vore gjennom, men spasmane og skjelvingane er på langt nær like ille som før. Før var det berre i sovande tilstand kroppen fann ro, no kan ho klare å slappa av og mjukne opp også i vaken tilstand.

– Det er kjekt med sommar, seier Christina med hjelp av teiknspråk.

Ho er kjempestolt over den nye elektriske rullestolen og vil gjerne visa fram at ho klarer å køyre den heilt åleine.

– Eg skal bada masse og køyre med stolen min på tur, seier ho med eit smil.

Det er mange motbakkar som framleis skal forserast, men med sommaren kom endeleg livet attende til Christina og familien hennar.

Les saka i Sogn Avis!