Nynorsk rettsspråk på utstilling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utstillinga gjev eit overblikk over stoda for nynorsken som aktivt rettsmål frå slutten av 1800-talet og fram til i dag, skriv universitetsavisa På Høyden.

Det første lovverket på landsmål blei trykt i 1894 – ni år etter at Stortinget vedtok at nynorsk og bokmål skulle vera likestilte.

– Ein måtte venta i over tjue år til neste gongen landsmålet var brukt i eit lovforslag, fortel førstebibliotekar Kirsti Lothe Jacobsen.

Først på 1920-talet og utover vart nynorsk etablert som lovspråk, fortel nettavisa.

Kjetil Skogan frå Telemark var ein av føregangspersonane i dette arbeidet. Han var den første som skreiv juridisk eksamen på nynorsk i 1909. På førehand var han blitt åtvara med at det kunne føra til sensorane ville stryka han.

– Stryk vart det ikkje, men det var ikkje langt ifrå. Eksamenskommisjonen skal ha notert at om oppgåva var skriven på «menneskemål», ville ho ha vore god, seier Kirsti Lothe Jacobsen.

Men den modige jusstudenten frå Telemark vann fram. I 1925 blei han medlem av justiskomiteen og saksordførar for fleire lover, fortel nettavis. (©NPK)