Høgare løningar kan redde Europa

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tyske løningar på 2000-talet har stort sett ikkje auka særleg, og I 2006-2007 var det til og med kutt i løna. Dette har nok auka den tyske evna til å konkurrere på verdsmarknaden, men har vore hardt for tyske arbeidarar, og enno viktigare: Dette kan vere rota til problema i sørlege land i Europa, melder Reuters.

Kostnadane i desse landa har vore for høge i høve til Tyskland. Dette kan ha leia til konkurransevridning der dei sørlege landa har fått in mindre skatt enn budsjettert, slik at underskota på budsjetta deira har auka massivt.

Les òg: Italia fell frå kvarandre

Ei god løysing på krisa kan altså vere at Tyskland aksepterer noko høgare lønsvekst, og dermed noko høgare inflasjon.

Den tyske finansministeren Wolfgang Schäuble og til og med Bundesbank støtta ei større lønsauke enn tidlegare, noko som nok var viktig for at den største fagrørsla i industrien i landet, IG Metall, fekk i stand den største auka på 20 år, 4,3 %, i mai, melder Reuters.

Desse arbeidarane jobbar stort sett i bilindustrien for Volkswagen, Daimler og BMW.

9 millioner arbeidarar forhandlar om høgare løn i Tyskland i år, og inflasjon har ikkje vore eit viktig tema så langt, for ein gongs skuld. I mars fekk 2 millioner arbeidere i offentleg sektor ei 6,3 prosent lønnsauke over en 24-måneders periode.

Les òg: Islandske lærepengar

Tyskarane har hatt ein sterk aversjon mot høgare prisar heilt sidan hyperinflasjonen under Weimarrepublikken tidleg på 1920-talet som fjerna alle sparepengane for ein heil generasjon. Inflasjon generelt i dag kan nok framleis svekke sparepengane noko, men og gjere det lettare for unge å få lån til mellom anna bustad.

Vekst viktig
Reformar for vekst, ikkje berre sparetiltak, er viktig, seier Karen Helene Ulltveit-Moe, professor på økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo, til Framtida.no.

– Mange meiner at det som må til er netto inflasjon i Tyskland. Kven som taper på det kjem an på kven som har gjeld, dei med mykje gjeld tener på dette.

– Problema vi ser no ser skuldast at Sør-Europa har levd over evne, men òg at Eurosona har vore eit halvt byggverk. For at han skal fungere som ein reell monetærunion trengst det reformar for vekst, herunder Eurobonds og samordna finanspolitikk, avsluttar Ulltveit-Moe.

Les òg: – Finanskrisa startar ein ny æra

Faktaboks

Inflasjon er eit fall i marknadsverdien eller kjøpekrafta til pengar. Dette er det same som ein auke i det generelle prisnivået. Inflasjon er motstykket til deflasjon.

Kjelde: Wikipedia.