Danmark på lukketoppen

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor er danskane lukkelegare?

Innbyggjarane i Danmark er dei lukkelegaste i verda. Noreg, Finland og Sverige er òg inne på dei ti øvste plassane. Dette melde OECD sist veke i si årlege kåring om kor nøgde folk er med livet.

– Sysselsetjing er ei av dei mest openbare årsakene til at folk er nøgde, seier Matthias Rumpf, pressetalsmann for OECD til 247 Wall St. Særleg gjeld dette langsiktig sysselsetjing og stabilitet på arbeidsmarknaden.  Ni av dei ti landa er av dei 15 med lågast langtidsarbeidsløyse.

– Dei som er arbeidsledige er generelt ikkje veldig lukkelege, seier Rumpf , og legg til at dette blir verre di lenger ein er arbeidsledig.

Etter økonomisk stabilitet har fysisk og sosialt velvere største samanheng med lukke. Når det gjeld sjølvrapportert helse har åtte av dei ti landa har ein høgare rate av innbyggjarar som rapporterer god helse enn OECD-gjennomsnittet på 70 prosent. Når det gjeld sosiale støttenettverk, har ein i sju av dei ti landa ein stor prosentdel av folket som har ein ven eller slektning dei kan stole på i eit fall dei treng det.

Ikkje overraskande har det å ha nok fritid òg stor påverknad på den psykiske helsa til ein person og påverkar lukke sterkt. Dei fleste av landa med ei sterk kjensle av velvere har meir fritid kvar dag enn gjennomsnittet i OECD på 14.76 timar (dette inkluderer søvn).

Innbyggjarane i Danmark, det lukkelegaste landet, har mest fritid tilgjengeleg per dag, 16,06 timar.

Stoler på andre og er ærlege
– Det er to faktorar som gjør Danmark det lukkelegaste. Det merkelege er at vi deler desse med Noreg, seier Christian Bjørnskov, lukkeforskar og økonom ved Universitetet i Århus i Danmark, til Framtida.

– For det første er vi dei mest tillitsfulle menneske – og omvendt dei mest ærlege – til folk vi ikkje kjenner. Nesten 70 prosent av danskar og nordmenn seier at du kan vanlegvis stole på andre menneske. Det globale gjennomsnittet er på ikring 27 prosent. For det andre stolar folk fullt og fast på at dei sjølv kan endre på ting i livet sitt. 94 prosent av danskane og 93 prosent av nordmenn tror at du sjølv kan endre livet. Det er annleis i Sverige, der berre cirka 70 prosent seier ja. Desse to faktorane gjer oss lukkelegare enn resten av verdas rike, demokratiske land, forklarar han.

Han finn likevel at det er nokre skilnader mellom Noreg og Danmark, og ein indikasjon på det er kunsten i dei respektive landa.

– Noregs mest kjende kunst er slikt som Hamsuns Sult, Munchs Skrik og så videre. I Danmark er nokon av dei mest kjende og dyraste Skagenmalerane, PS Krøyer sine damer på stranda, også vidare. Det er ikkje alt vi kan forklare med formel, avsluttar Bjørnskov.