Innvandring løner seg ikkje

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskinga frå SSB syner at innvandrarar frå låginntektsland inneber høgare kostnader enn inntekter både på kort og lang sikt. Hovudårsaka er at dei har lågare yrkesdeltaking, lågare skattbar inntekt og får meir overføringar enn andre, skriv Dagens Næringsliv.

Kostnadane er høgast dei første tiåra etter ankomst. Lågare gjenutvandring og høgare fruktbarheit fører etterkvart til at det blir fleire norskfødde barn enn ved innvandring frå andre land. Når desse med tida kjem i arbeid, blir den negative effekten på budsjettet dempa.

Men heller ikkje tradisjonelle arbeidsinnvandrarar er lønsame for offentlege budsjett i det lange løp, ifølgje SSB-rapporten «Makroøkonomi og offentlige finanser i ulike scenarioer for innvandring».  Rapporten er laga på oppdrag frå Velferds- og migrasjonsutvalet, eller Brochmann-utvalet.

Positivt på kort sikt
På kort sikt bidreg innvandrarar frå Vesten og Aust-Europa positivt, dei er gjerne ferdig utdanna og går rett i jobb når dei kjem til Noreg, men på lengre sikt bidreg dei negativt ved at dei over tid blir som nordmenn flest når det gjeld sysselsetting, inntekt, bruk av velferdstenester og mottak av offentlege overføringar.

– Ein skyv problemet framfor seg dersom ein heile tida skaffar seg fleire folk. I det korte biletet belastar ikkje innvandrarane offentlege budsjett med kostnader knytt til barndom og alderdom. Difor kan det sjå ut som desse gruppene kan skaffe oss handlingsrom. Men desse skal også få barn og bli gamle. Det tyder at biletet blir endra over tid, seier forskingsleiar Erling Holmøy i SSB.

Gjennomsnittsnordmenn òg ei utgift

Holmøy peikar på at ein gjennomsnittsinnbyggjar i Noreg bidreg med mindre inntekter enn han eller ho får att i form av velferdstenester og overføringar. Det er oljeinntektene som gjer dette muleg. Men når talet på innbyggjarar aukar som følgje av innvandring, blir det fleire å dele oljeformuen på. Dermed blir innvandring eit underskotsføretak over tid.

Ingen land i verda betalar sitt eige folk så mykje for ikkje å arbeida.

– Det er ikkje ei varig løysing når kvart menneske genererer fleire utgifter enn inntekter, seier Holmøy.

Prøv vår innvandringsquiz!