Innvandrarar frå Somalia toppa lista over dei som vart nye norske statsborgarar i fjor. I alt fekk Noreg 14.300 nye statsborgarar i 2011, og av desse kom 2.100 frå Somalia.

NPK-NTB
NPK-NTB

Fleire kvinner enn menn fekk tildelt norsk statsborgarskap, og ein tredel av dei var under 18 år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Berre i 2007 fekk fleire personar norsk statsborgarskap enn i 2011.

Etter innvandrarar frå Somalia kom afghanarar og irakarar med høvesvis 1.300 og 950 personar. Personar med tidlegare asiatisk statsborgarskap stod for 41 prosent av alle overgangar i fjor. Tidlegare afrikanske statsborgarar utgjorde 32 prosent av overgangane, medan 18 prosent av dei nye norske borgarane kom frå europeiske land.

Blant personar med tidlegare somalisk statsborgarskap stod barna for omtrent halvparten av overgangane. 53 prosent av dei nye statsborgarane var kvinner. Kvinnedelen var spesielt høg blant tidlegare statsborgarar frå Filippinane, Thailand og Vietnam, der tre av fire var kvinner.

Les òg: Innvandring løner seg ikkje

Blant fylka var det høgast del overgangar til norsk statsborgarskap i Oslo. I alt 4.000 personar, eller 28 prosent, budde i hovudstaden. Deretter kjem Akershus og Hordaland med høvesvis 9 prosent og 8 prosent. Sogn og Fjordane og Finnmark var dei fylka som hadde den lågaste delen, med 1 prosent kvar. (©NPK)

Prøv vår Innvandrarquiz!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

Kommentarar

ANNONSE