– Unge susar ikkje berre rundt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kranglar om "lat" ungdom

I den munnlege spørjetimen i Stortinget onsdag opplyste Halvorsen at søknaden til ingeniørstudiet har auka med 25 prosent.

– Alle dei som trudde at norsk ungdom berre susar rundt og velg ut frå sine heilt ubestemte lyster i forhold til korleis arbeidsmarknaden ser ut, dei tek feil, sa Halvorsen, ifølgje ANB.

Framstegspartiet sin utdanningspolitiske talsmann Tord Lien hadde då sagt at ingeniørmangelen her i landet har auka frå 4.000 til 16.000 under den raudgrøne regjeringa. Noko han ikkje meiner er ansvarleg styring.

LES OGSÅ: Vel studium som ikkje gjev jobb

Kunnskapsministeren skildra ingeniørmangelen som «ei gledeleg utfordring», på grunn av

– Utfordringa me har med ingeniørmangel skuldast jo ei gledeleg utvikling i norsk næringsliv, nemleg at det vert skapt langt fleire arbeidsplasser og at det går godt for store delar av næringslivet. Dermed aukar etterspurnaden etter ingeniørar, sa Halvorsen.

Kva meiner du skal til for å få fleire til å velja ingeniørfag?